Kurveverktøyet er det mest sofistikerte verktøyet GIMP har for å justera fargesettinga i eit bilete. Bruk litt tid og prøv deg fram, og du vil snart oppdaga at du raskt og effektivt kan bestemma kor djupe skyggane skal vere, kor lys himmelen skal vere og mykje, mykje anna. Verktøyet er vel verdt eit lite studium.
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ ,frå biletmenyen via
→ →eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).
Du kan velje mellom fire kanalar:
Kurva styrer lysverdien for pikslane, altså kor lyse fargane skal vere.
Kurva styrer mengda av farge i den valde fargekanalen. Her betyr mørk at det skal vere mindre farge, og då naturlegvis at lys fører til meir farge.
Kurva styrer gjennomsikt for pikslane. Her betyr mørk at det skal vere meir gjennomsikt, og då må naturlegvis lys bety mindre gjennomsikt.
Denne knappen fjernar alle endringane du har gjort og stiller verdiane tilbake til slik dei var i utgangspunktet.
Her kan du velje mellom lineær eller logaritmisk vising av kurvene. (Dette kan også gjerast frå dialogvindauget for verktøyinnstillingane i hovudmenyen).
Den loddrette fargeovergangen: Denne representerer utgangsverdien. Verdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit).
Den vassrette fargeovergangen: Denne representerer inngangsverdien. Verdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit). Når du flytter på kurva blir denne skalaen delt i to. Den øvre delen viser den tonale balansen for laget eller utvalet.
Diagrammet: Kurva blir teikna på eit rutenett, og går frå nedre, venstre hjørne og opp til øvre, høgre hjørnet. Koordinata for peikaren blir vist i ei rute oppe til venstre. Når du opnar verktøyet er denne kurva ei rett linje fordi kvart inn-nivå samsvarar med tilsvarande ut-nivå. I kvar ende av kurva er det eit anker, eitt for svart (0) og eitt for kvitt (255).
Dersom du klikkar i diagrammet blir det oppretta eit anker der du klikka. Klikkar du utanfor kurva blir kurva flytt slik at det nye ankeret blir inkludert i kurva. Når du fører musepeikaren over eit anker, skifter peikarsymbolet til eit kryss. Du kan forandre kurva ved å klikke og dra ankera.
Det aktive ankeret er kvitt, dei andre er svarte. Du aktiverer eit anker ved å klikke på det, eller ved å bruke tastane høgrepil og venstrepil på tastaturet. Tastane pil opp og pil ned vil flytte det aktive akeret opp eller ned. Dette kan brukast for å finstille posisjonen for ankeret. Held du samstundes nede Shift-tasten, vil ankeret flytte seg 15 pikslar om gongen i staden for ein.
Den kurvebiten som er mellom to anker blir kalla eit kurvesegment. Dette segmentet viser toneområdet for laget. Sjølvsagt kan du klikke inn nye anker i dette segmentet og forandre forma etter behov. Det er likevel ikkje råd å flytte eit anker forbi endeankera for kurva.
Du kan fjerne eit anker ved å flytte det over eit anna anker, eller ut over kanten av diagrammet. Eit trykk på knappen Tilbakestill kanal vil fjerne alle ankera unntatt dei i endepunkta.
Fører du musepeikaren over biletet vil peikaren få form av ei pipette. Klikkar du på biletet med pipetta, vil det kome fram ei loddrett linje på diagrammet. Denne linja viser verdien den pikselen du klikka på har i den valde kanalen. Held du nede Shift-tasten samstundes med at du klikkar, vil det bli oppretta eit anker der kurva har den aktuelle verdien. Dersom du Ctrl-klikkar, vil det bli laga eit anker i alle kanalane, også alfakanalen dersom han finst.
Histogrammet for det aktive laget eller utvalet er sett inn bare som referanse, og er grå ut.
Her kan du lagra eller henta inn tidlegare lagra innstillingar for nivåa.
Opna: Bruk denne for å henta inn ei tidlegare lagra fil med nivåinnstillingar.
Lagra: Lagra innstillingane til seinare bruk.
Glatt ut: Teiknar ei jamn kurve. Meir realistisk enn det neste valet.
Frihand: Denne teiknemåten blei noe forandra i GIMP versjon 2.4. Fridomen er ikkje fullstendig. Du teiknar nå ei linje som vil vere samankopla med den eksisterande linje, utan ankerpunkt. Når teikninga er ferdig, kan du klikke på -knappen.
Dersom denne er markert, kan du sjå endringane direkte på biletet.
Verktøyinnstillingar
Sjølv om dette verktøyet ikkje er tilgjengeleg frå verktøykassa, blir likevel verktøyinnstillingane viste i dialogen under verktøykassa. Innstillingane er:
Desse to knappane har same funksjonane som dei tilsvarande knappane i kurvedialogvindauget.
Med denne glidebrytaren kan du bestemma kor stort område som skal brukast for å rekna ut gjennomsnittsfargen. (Området er eit kvadrat, så det er eigentleg feil å snakke om radius).
I dei etterfølgjande eksempla blir ankerpunkta og segmenta flytt for å forme kurva. Kurva avbilder “inngangs”-fargetonen for det aktive laget eller utvalet på “utgangs”-fargetonen.