5.8. Posterisering

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-03-03 kost

Dette verktøyet blir brukt til å redusere talet på fargar i eit lag eller utval og likevel bevare karakteristikken i originalbiletet.

5.8.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via FargarPosterisering,

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaPosterisering

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).

5.8.2. Verktøyinnstillingane

Figur 13.143. Innstillingane for verktøyet “posterisering

Innstillingane for verktøyet posterisering

Talet på fargenivå

Ved hjelp av glidebrytaren, eller innskrivingsboksane, kan du bestemme talet på fargenivå (2 - 256) som skal brukast i kvar av RGB-kanalane for å beskrive det aktive laget. Sluttresultatet blir ein kombinasjon av desse nivåa. Set du nivået til 3, vil dette gi 23 = 8 fargar i det ferdige biletet.

Førehandsvising

Dersom denne er markert, kan du sjå endringane direkte på biletet.

5.8.3. Eksempel

Figur 13.144. Eksempel på bruk av “posterisering

Eksempel på bruk av posterisering

Dette biletet bruker fire fargenivå. Histogrammet viser desse fire nivåa og 10 fargar inkludert svart og kvit.