4.9. Spegelvending

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-29 kost

Figur 13.116. Symbolet for “spegelvending” i verktøykassa

Symbolet for spegelvending i verktøykassa

Verktøyet “spegelvend” blir brukt for å spegelvende lag eller utval horisontalt eller vertikalt.

4.9.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformeringsverktøyaSpegelvend,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + F.

4.9.2. Valtastane (førehandsvalde)

Snarvegar

Tastekombinasjonen Shift + F vil endre det aktive verktøyet til spegelvendingsverktøyet.

Ctrl

Ctrl skifter mellom horisontal og vertikal spegelvending.

4.9.3. Verktøyinnstillingane

Figur 13.117. Innstillingane for spegelvending

Innstillingane for spegelvending

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, eller i noen tilfelle dobbeltklikka på, verktøyikonet

Spegelvend
[Notat] Notat

Desse knappane er felles for alle transformeringsverktøya, og er forklart nærare under Felles eigenskapar.

Venderetning

Bestemmer om normalinnstillinga skal vere å vende horisontalt eller vertikalt. Du kan bytte om på valet med valtasten Ctrl.

Er retninga sett til Horisontal blir laget spegelvendt om ein vassrett akse. Er retninga sett til Vertikal blir laget spegelvendt om ein loddrett akse.