4. Transformeringsverktøya

4.1. Felles eigenskapar

Figur 13.84. Transformasjonsverktøya i GIMP

Transformasjonsverktøya i GIMP

Denne gruppa inneheld åtte verktøy som blir brukte til å forandra presentasjonen av biletet eller eit biletelement, eit biletlag, eit utval eller ein bane. Desse verktøya forandrar ikkje innhaldet i pikslane, men plasseringa av dei i høve til kvarandre eller i høve til biletet. Kvart av verktøya har sitt eige dialogvindauge der du kan bestemme ulike innstillingar for verktøyet før du tar det i bruk.

4.1.1. Verktøyinnstillingane

Figur 13.85. Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Ein del innstillingar er felles for fleire av transformasjonsverktøya, og blir omtalte her. Dei innstillingane som er spesielle for einskilde verktøy blir omtalte saman med verktøyet.

Transformér

GIMP har tre knappar som du kan bruke for å bestemme kva for biletelement verktøyet skal arbeide på. (Knappane kan også heite “Flytt” eller “Spegelvend”).

[Notat] Notat

Hugs at valet du gjer blir gjeldande heilt til du trykker ein annan knapp, også om du avslutter arbeidet.

  • Når den første knappen er aktivert, vil verktøyet arbeide på det aktive laget. Dersom laget inneheld eit utval, vil verktøyet verke på dette i staden for på laget.

  • Når den andre knappen er aktivert, vil verktøyet verke bare på omrisset av utvalet, eller på heile laget dersom det ikkje finst utval.

  • Når den tredje knappen er aktivert, vil verktøyet verke bare på banar.

Retning

Retningen er kva retning laget blir transformert, anten Framover (normal) eller Bakover (korrigerande). Framover betyr i denne samanhengen at biletet blir forandra til slik du ser det når du drar i handtaka som dukkar opp når du klikkar på biletet med eitt av desse verktøya.

Retninga bakover er først og fremst lagt inn for lettare å kunne rette opp geometriske feil i digitale bilete. Du drar i handtaka og legg ramma eller rutenettet langs med feilen du vil rette opp. Når du trykker knappen som gjer at verktøyet utfører handlinga, vil ramma bli retta opp og dra biletet med seg. Skal du t.d. rette opp ein skeiv husvegg, plasserer du ramma parallelt med husveggen.

Interpolasjon

Ved hjelp av nedtrekkslista Interpolasjon kan du velje kvaliteten på transformasjonen. Sjå meir om dette i ordlista under interpolasjon.

Klipping

Dersom transformasjonen skulle føre til at biletformatet blir endra, kan du her velje korleis biletet skal tilpassast forandringane.

Du har valet mellom fleire ulike klippemetodar:

Tilpassa

Figur 13.86. Eksempel på tilpassa klipping

Eksempel på tilpassa klipping

Originalbiletet

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med “tilpassa

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med “tilpassa”. Lerretet er nå forstørra for å gi plass til laget


Laget blir forstørra slik at det blir plass til heile laget. Omrisset for det nye laget er synleg. Du kan gjere også innhaldet i laget synleg med kommandoen BileteTilpass lerret til lag.

Beskjer

Figur 13.87. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Rotert beskore


Laget blir ikkje forstørra når du roterer det. Alt som kjem utføre biletkanten blir klipt vekk.

Beskjer til resultatet

Figur 13.88. Eksempel på beskjer til resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Rotert beskore til resultatet


Det nye laget blir forminska slik at dei tomme områda i hjørna i det roterte laget blir skorne bort.

Beskjer med sideforhold

Figur 13.89. Eksempel på beskjer med sideforhold

Eksempel på beskjer med sideforhold

Beskjer med sideforhold


Denne innstillinga verkar som Beskjer til resultatet, men syter for at sideforholda er dei same som i originalbiletet.

Førehandsvising

I GIMP kan du velje mellom fire ulike former for førehandsvising for desse verktøya:

Omriss

Legg ei ramme rundt området, med eit handtak i kvart hjørne. Du kan dra i handtaka for å flytte ramma rundt på førehandsvisinga. Verknaden blir ikkje overført til biletet før du trykker knappen som aktiverer verktøyet.

Rutenett

Legg eit nett over området, med eit handtak i kvart hjørne. Du kan dra i handtaka for å flytte nettet rundt på førehandsvisinga. Verknaden blir ikkje overført til biletet før du trykker knappen som aktiverer verktøyet.

Bilete

Førehandsvisinga viser nå ein kopi av biletet, med ei ramme rundt. Flyttingane verkar på denne kopien. Det underliggande biletet blir synleg der kopien ikkje dekker biletet.

Bilete + rutenett

Begge er synlege samstundes.

Dei ulike måtane for førehandsvising er lagt inn for å lette arbeidet. Kva måte du vel for førehandsvisinga påverkar ikkje det ferdige resultatet.

Innstillingane med rutenett aktiverer ein nedtrekksmeny med to innstillingar: Talet på rutenettlinjer og Avstand mellom rutenettlinjene. Bruk glidebrytaren for å bestemme verdiane.

[Notat] Notat

Når du transformerer ein bane, vil førehandsvisinga vise bare omrisset. Dei andre innstillingane er utilgjengelege.