Rektangelutvalet blir brukt til å velje ut og markere rektangulære område i eit bilete. Dette er det enklaste, og det mest brukte av utvalsverktøya. Sjå Seksjon 1, “ Utval ” for meir om utval og bruken av dei. Informasjon om eigenskapar som er felles for alle utvalsverktøya finn du i Seksjon 2.1, “ Felles eigenskapar ”.
Dette verktøyet kan også brukast for å teikne rektangel i eit bilete. Lag eit rektangulært utval og fyll dette ved hjelp av fyllverktøyet. Skal du teikne eit ope rektangel, altså bare omrisset, kan dette gjerast raskt og enkelt ved å lage eit høveleg utval og deretter streke det opp med høveleg farge og strek.
For å lage eit rektangel med avrunda hjørne, aktiviserer du Avrunda hjørne i verktøyinnstillingane. Ønskjer du meir kontroll med hjørna, kan du betre bruke → frå biletmenyen.
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller ved å trykke på tasten R.
Notat | |
---|---|
Mange av valtastane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.1, “ Valtastane (førehandsvalde) ”. Bare tastekombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her. |
Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja å lage utvalet, og held han nede til du er ferdig, vil startpunktet bli brukt som sentrum i utvalet i staden for å bli eit av hjørna. Trykker du ned Ctrl-tasten før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet bli subtrahert (trekt i frå) det eksisterande utvalet.
Trykker du ned Shift-tasten før du byrjar markeringa av utvalet vil det nye utvalet bli lagt til det eksisterande utvalet.
Trykker du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig, vil utvalet bli avgrensa til eit kvadrat dersom dette er det første utvalet. Seinare vil verktøyet bruke det sideforholdet som er fastsett i verktøyinnstillingane.
Dette gir ein kombinert effekt: Eit kvadratisk utval sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet lage eit snitt med den eksisterande. Dette blir også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet “∩”.
Når du bruker rektangelverktøyet, blir dette vist ved at musepeikaren viser dette symbolet: . Når du slepp opp museknappen blir omrisset vist med ei prikkelinje (“marsjerande maur”). Dersom det er nødvendig, kan du finjustere utvalet ved å ta tak i ein av firkantane i hjørnet av rektangelet og dra dit du måtte ønskje.
Når du flytter musepeikaren rundt på biletet, vil peikaren forandre seg alt etter kvar han er i høve til utvalet:
- Utanfor utvalet ser musepeikaren ut slik som vist ovanfor. Dette fortel at verktøyet er klar for å lage eit nytt utval som anten vil erstatte det eksisterande utvalet, eller kombinere det nye utvalet med det eksisterande, avhengig av kva modus verktøyet er sett til.
- Innføre utvalet er utsjånaden på peikaren avhengig av kvar han er i utvalet. I kvart hjørne av utvalet er det ei tydeleg markert rute. Dette er handtak som du kan gripe tak i for å endre forma på utvalet. Er peikaren over eit av desse handtaka, er utsjånaden avhengig av samanhengen. I det nedre, høgre hjørnet blir han for eksempel sjåande slik ut: . Du kan altså forandra utsjånaden på utvalet ved å klikke og dra i desse handtaka. Fører du peikaren nær ei av sidene, vil det kome opp ei ny rute, dvs. eit nytt handtak, som du kan ta tak i og flytte heile sida. Også i dette tilfellet forandrar peikaren utsjånad avhengig av kva side han treff. Er han over den høgre sida, vil han sjå slik ut: .
- Innføre resten av markeringa vil peikaren vise flyttesymbolet for å vise at nå kan du flytte heile utvalet ved å klikke og dra.
Tips | |
---|---|
Du kan setje musepeikaren over eit av markeringsområda, og flytte dette med piltastane ein piksel om gongen, eller 25 pikslar om gongen viss du held nede Shift-tasten. |
Når alt arbeidet med utvalet er ferdig, må du kome deg ut av verktøyet, utan å øydelegge utvalet. Den enklaste måten er å klikke ein gong inne i utvalet eller å trykke Enter-tasten. Ein annan måte er å velje eit anna verktøy utanom utvalsverktøya og for eksempel fylle utvalet med ein farge.
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å (dobbelt)klikke på symbolet i verktøykassa.
Notat | |
---|---|
Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.2, “ Felles verktøyinnstillingar ”. Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her. |
Desse er felles for alle utvalsverktøya.
Aktiverer du denne, vil det kome fram ein glidebrytar som du kan bestemme radius for hjørna med. (Treng du meir kontroll med utforminga av hjørna, kan du bruke
→ frå biletmenyen).Dette vil føre til at det punktet du klikkar på for å byrja å lage utvalet, blir sentrum i utvalet.
Denne menyen gir deg høve til å velje mellom fire oppsett for rektanglet:
Dersom du aktiverer denne, vil forholdet mellom sidene i rektanglet vere det som er skrive inn i den tilhøyrande ruta. Dette gjeld også når du forandrar storleiken på utvalet. Normalinnstillinga er 1 : 1, altså eit kvadrat, men dette kan du endre etter behov. Du kan klikke på symbolet for ståande eller liggande for å invertere forholdet.
Breidda blir bestemt av talet du skriv inn i innskrivingsruta.
Høgda blir bestemt av talet du skriv inn i innskrivingsruta.
Gjer at du ikkje kan forandre formatet. Høgda og breidda vil vere uforandra.
Her finn du fire innskrivingsboksar som viser koordinata for øvre, venstre hjørne (posisjon) og breidde og høgde (storleik) for utvalet. Du kan også skrive direkte i desse boksane for å gjere endringar.
Dette valet fører til at biletet utanom det markerte området blir dekka av ei mørk, gjennomsiktig maske for å gjere utvalet tydelegare.
I denne nedtrekksmenyen kan du velje kva slag hjelpelinjer som eventuelt skal brukast innføre utvalet for å gjere det enklare å utforme utvalet slik at det samsvarar med dei vanlege reglane for fotokomposisjonar.
Gjer at ingen hjelpelinjer blir viste.
Vil vise ei vassrett og ei loddrett senterlinje.
Hjelpelinjene tredeler utvalet vassrett og loddrett. Dette kan vere til hjelp dersom du ønskjer å bruke regelen om at den beste plasseringa av hovudmotivet er i skjeringspunkta mellom desse områda.
Hjelpelinjene vil dele breidda og høgda i utvalet ut frå reglane om det gylne snittet.
Dersom avkryssingsboksen Autokrymp er markert, vil GIMP prøve å krympe utvalet til den næraste rektangulære forma tilgjengeleg i biletlaget. Algoritmen, dvs. matematikken som reknar ut dette, er nokså “intelligent”. I denne samanhengen betyr det at resultatet i noen tilfelle kan bli svært avansert, i andre tilfelle overraskande dumt. Dersom området du vel ut er omgitt av einsfarga flater, vil den automatiske krympinga til vanleg bli nokså brukbart. Det endelege utvalet treng ikkje ha same forma som det utvalet du feiar ut.
Dersom også Krymp fletta er markert, vil den automatiske krympinga bruke pikselinformasjonar frå alle dei synlege laga i staden for bare det aktive laget. Du kan finne meir om dette i ordlista under Utvalsfletting.