2.3. Ellipseutvalet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-13

Figur 13.8. Symbolet for ellipseutvalet i verktøykassa

Symbolet for ellipseutvalet i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt for å lage elliptiske (ovale) eller sirkelrunde utval i eit bilete, eventuelt med kantutjamning og mjuke kantar om du ønskjer det.

Du kan også bruke ellipseutvalet til å teikne sirklar eller ellipsar på eit bilete. Lag eit utval og fyll dette ved hjelp av fyllverktøyet. Ønskjer du å bare teikne omrisset, kan du i staden streke opp utvalet med høveleg farge og strøk. Ein annan metode som er vanskelegare, men gir betre kvalitet, er å lage to konsentriske elliptiske utval med litt ulik storleik og subtrahere den innarste frå den yttarste. Dette er ikkje alltid like lett å få til, så då er kanskje kommandoen VelRamme ei betre løysing.

2.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaEllipseutval,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykke på tasten E.

2.3.2. Valtastane (førehandsvalde)

[Notat] Notat

Mange av valtastane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.1, “ Valtastane (førehandsvalde). Bare tastekombinasjonar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Ctrl

Trykker du ned Ctrl-tasten etter at du har byrja markeringa, og held han nede til du er ferdig, vil startpunktet bli brukt som sentrum i utvalet i staden for å bli eit av hjørna i det tenkte rektangelet som omgir figuren. Trykker du ned Ctrl-tasten før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet bli subtrahert frå det eksisterande utvalet.

Shift

Trykker du ned Shift-tasten etter at du har byrja markeringa og held han nede til du er ferdig, vil utvalet bli avgrensa til ein sirkel. Trykker du ned Shift-tasten før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet bli addert til det eksisterande utvalet.

Ctrl + Shift

Dette gir ein kombinert effekt: Eit sirkulært utval sentrert om startpunktet. Held du nede desse to tastane før du byrjar markeringa, vil det nye utvalet lage eit snitt med det eksisterande utvalet. Dette blir også vist med at musemarkøren viser snitt-symbolet “”.

2.3.3. Å forandre utvalet

Figur 13.9. Eksempel på ellipseutval

Eksempel på ellipseutval

Når ellipseverktøyet er i bruk, blir dette vist ved at musemarkøren syner ein sirkel. Verktøyet teiknar ein sirkel eller oval inne i eit rektangel. Når du slepp opp museknappen blir sirkelen vist med ei prikkelinje (“marsjerande maur”). Dersom det er nødvendig, kan du finjustere sirkelen ved å ta tak i ein av firkantane i hjørnet av rektangelet og dra dit du måtte ønskje.

Du finn meir om dette i Seksjon 2.2.3, “ Å forandre utvalet.

2.3.4. Innstillingar

Figur 13.10. Innstillingane for verktøyet “ellipseutval

Innstillingane for verktøyet ellipseutval

Du får fram innstillingane for dette verktøyet ved å (dobbelt)klikka på symbolet i verktøykassa.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.2, “ Felles verktøyinnstillingar. Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Modus; Kantutjamning; Mjuke kantar

Desse er felles for alle utvalsverktøya.

Dei andre innstillingane

Dei andre innstillingane er dei same som verktøyinnstillingane for rektangelutvalet.