Denne dialogen viser ei liste over kva du har halde på med i det siste, i det minste på det aktive biletet. Dei forandringane du har gjort blir forsøkt vist med ein miniatyr. Du kan tilbakeføra biletet til eitkvart av punkta på lista bare ved å klikke på den ønskte visinga i dialogen. Vil du vite meir om dette, kan du klikke deg inn på sida om å angre.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:
frå menyen i verktøykassa:
→ →frå menyen i verktøykassa:
→ → → Dette valet opnar eit vindauge som inneheld fire dialogar der den ein av dei er angreloggen.frå biletmenyen:
→frå biletmenyen:
→eller frå ein annan dialogmeny:
→Det mest nærliggande er å velje eit punkt i angreloggen ved å klikke på det. Du kan trygt klikke deg framover eller bakover i lista utan å vere redd for å miste informasjon om biletet eller å bruke opp ressursane. Som oftast går forandringane svært raskt.
Knappane nedst i dialogvindauget:
Denne knappen gjer det same som når du vel Ctrl+Z. Han opnar det førre biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk opp i dialogen.
→ frå biletmenyen, eller trykker snartastaneDenne knappen gjer det same som når du vel Ctrl+Y. Han opnar det neste biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk ned i dialogen.
→ frå biletmenyen, eller trykker snartastaneDenne knappen fjernar alt innhaldet i angreloggen, bortsett frå det aktive biletet. Dette er såpass drastisk at du får spørsmål om du verkeleg vil dette. Den einaste grunnen til å bruke denne knappen er dersom du er i ferd med å gå tom for ledig minne.
Notat | |
---|---|
Denne dialogen blir i fanene symbolisert med ikonet . |
Notat | |
---|---|
Du kan bestemma angrenivået i Seksjon 1.2, “ Omgivnader ”. |