Nesten alt du gjer i GIMP kan gjerast om igjen. Du kan angra det siste du gjorde ved å gå inn på Ctrl+Z.
→ i biletmenyen. Dei fleste bruker denne funksjonen så ofte at det løner seg å lære snartastane for å angra:Du kan faktisk også angre angringane. Har du angra ein operasjon, og oppdagar at operasjonen likevel var betre før du angra, kan du finne fram Ctrl+Y, som gjer det same. Ofte kan det vere nyttig å kunne kontrollera effekten av endringar ved å klikke att og fram mellom Angre og Gjenta. Dette vil til vanleg kunne gjerast nokså raskt, og legg ikkje beslag på maskinressursar. Heller ikkje endrar det angreloggen, så det er heilt ufarleg.
→ i biletmenyen. Sidan du truleg vil bruke også denne funksjonen nokså mykje, vil det forenkla arbeidet dersom du lærer deg snartastkombinasjonenObs | |
---|---|
Dersom du angrar ei eller fleire endringar og deretter arbeider på biletet på ein eller annan måte, unntatt angre og gjenta, vil det ikkje vere mogleg å angre desse operasjonane. Dei er borte for alle tider. Dersom dette skaper problem for deg, er løysinga å lage ein kopi av biletet og arbeida på denne kopien i staden for på originalen. Ikkje noen dum idé i alle tilfelle. (Bare hugs at loggen for angre/gjenta ikkje blir kopiert når du kopierer eit bilete). |
Har du stendig bruk for Angre og Gjenta, kan det vere enklare å arbeida med Angreloggen, ein dialog som viser ein kort omtale av kvart punkt i angreloggen. Du kan hente fram det aktuelle biletet ved å klikka på ønskt punkt i loggen.
Angreloggen er ein del av det aktuelle biletet, og går inn som ein av biletkomponentane. Difor set GIMP av minneplass for kvart bilete til denne funksjonen. Du kan bestemma kor mykje plass GIMP skal bruke på denne funksjonen ved å gå inn på omgivnader. Her finn du to aktuelle variablar: Minste angrenivå som GIMP vil bruke, same kor mykje minne dei bruker, og Maksimalt angreminne. Dersom GIMP får behov for å bruke meir angreminne enn det som er tilgjengeleg, vil dei eldste punkta i angreloggen bli strokne.
i hovudmenyen og deretter påNotat | |
---|---|
Når du lagrar eit bilete i GIMP sitt eige XCF-format, blir svært mange opplysningar om biletet lagra, men ikkje angreloggen. Når du opnar eit bilete på nytt, vil angreloggen alltid vere blank. |
Måten GIMP bruker Angre på, er faktisk nokså sofistikert. Noen operasjonar krev svært lite minneplass i angreloggen, for eksempel om eit lag er synleg eller ikkje. Difor kan du utføra mange slike før minnet er fullt. Andre operasjonar blir komprimerte, slik at sjølv om du utførar dei fleire gonger, vil dei bare ta opp ein plass i angreloggen. Andre operasjonar krev store mengder minne. Dei fleste filtra er døme på dette. Sidan desse som oftast ligg i programtillegg, har GIMP ingen kontroll med kva som eigentleg er endra, og må difor legge heile laget i angreminnet. Ikkje nok med det, men både den uendra og den endra versjonen må lagrast. Dermed kan det hende at du bare får høve til å gjere noen få slike operasjonar før dei droppar ut av angreloggen dersom minnet ikkje er stort nok.
Hovudregelen er at operasjonar som gjer endringar i biletet kan angrast, medan operasjonar som ikkje endrar biletet ikkje kan angrast. Det finst likevel noen få unnatak. For eksempel blir biletet på ingen måte forandra om du slår snarmaska av eller på. Likevel blir dette registrert i angreloggen. Zooming, som for så vidt kan seiast å endre biletet, blir derimot ikkje registrert.
Dei få, men viktige, unnataka som ikkje kan angrast, sjølv om dei gjer endringar i biletet er:
Angreloggen er ein av biletkomponentane, men blir ikkje lagra slik dei andre komponentane gjer det. Når biletet blir lukka går angreloggen fløyten. Difor spør GIMP alltid om du verkeleg vil lukke biletet, dersom det ikkje er lagra etter siste endringa. (Du kan ta bort dette spørsmålet i innstillingane for omgivnader, men dette er på ingen måte særleg lurt).
Med menyvalet “Tilbakestill biletet” (bm.: “forkast”) blir biletet lasta inn på nytt, dvs. at det biletet du arbeider med blir sletta og erstatta med den sist lagra utgåva av biletet. GIMP gjer dette ved å lukke det opne biletet og kreere eit nytt. Dermed går angreloggen tapt. Du får difor alltid spørsmål om du verkeleg ønskjer å henta tilbake biletet.
Noen av verktøya kan innehalde lange seriar med manipulasjonar, men bare det endelege resultatet blir registrert i angreloggen, ikkje dei einskilte stega. Den intelligente saksa krev at du merkar av ein del punkt på biletet og deretter klikkar innføre området for å lage eit utval. Det er ikkje råd å angre kvart einskild punkt. Klikkar du på Angre etter at du er ferdig med saksa, fører dette deg tilbake til biletet slik det var før du byrja å markera punkta. Arbeider du med tekst, kan du ikkje angre einskilde bokstavar. Angre vil ta bort heile det nye tekstlaget.
Filter og andre aktivitetar som blir utførte av programtillegg eller skript, kan angrast tilliks med GIMP sine eigne effektar dersom dei er korrekt programmerte. Er programkoden feil, kan dei derimot øydeleggja angreloggen slik at det blir umogleg å angra også tidlegare handlingar. Programtillegga og skripta som følgjer med GIMP, bør vere til å stola på i så måte, men dette kan ein naturlegvis ikkje garantera for programtillegg frå andre. Sjølv om programma er koda korrekt, vil det alltid vere ein fare for uventa resultat dersom programma blir avbrotne medan dei er i arbeid. Det beste er å la slike programtillegg gjere seg ferdige før du klikkar Angre. Du bør i alle fall ha svært sterke grunnar for å klikka Angre medan eit slikt program er i arbeid.