6.2. Lukke faner

Figur 11.30. Menyar i eit samlevindauge. Knappen for å lukke ei fane er merka med kvitfarge.

Menyar i eit samlevindauge. Knappen for å lukke ei fane er merka med kvitfarge.

Treng du å fjerna ein dialog frå eit samlevindauge, kan du gjere dette på to måtar. Den eine er å finna handtaket for den aktuelle dialogen og dra denne til ein ledig stad på skjermen. Dialogen vil då bli liggjande der som eit nytt samlevindauge. Den andre måten er å klikka på “Lukk”-knappen merka med kvit farge på biletet over. Den aktive dialogen vil då bli lukka.