7. Personleg startskjerm

Startskjermen er det vindauget som blir vist når du opnar GIMP.

Du bytte ut biletet som blir vist på startskjermen med eit meir personleg bilete. Dette biletet, eller desse bileta om du ønskjer fleire, blir lagra i mappa splashes som du i Linux kan finne for eksempel i /home/[brukarnamn]/.gimp-2.4 og i Windows for eksempel i C:\Documents and Settings\[brukarnamn]\gimp-2.4. Pass på at filutforskaren er sett til “Vis skjulte filer”. Dersom mappa ikkje finst, kan du lage ei ny.

Etter at du har lagra startbiletet (eller -bileta) i denne mappa vil GIMP vise startbiletet, eller dersom du har lagt inn fleire bilete, eit tilfeldig startbilete, frå denne mappa neste gong du opnar GIMP.

[Tips] Tips

Pass på at biletet ikkje er for lite.