Frå GIMP v2.4 har rektangulære og elliptiske utval fire handtak som du kan dra i for å forandre forma på utvalet. Omrisset på utvalet blir markert som før med dei marsjerande maura. Dersom du klikkar inne i utvalet, vil handtaka forsvinne og bare omrisset (maura) er synleg.
Dei andre utvalsverktøya (frihandsutvalet, tryllestaven og vel etter farge) har ingen handtak og kan ikkje flyttast utan vidare. Også her må du halde nede tastane Ctrl + Alt eller Shift + Alt før du klikkar og drar utvalet på plass.
Du kan bruke piltastane, eventuelt samstundes med Alt-tasten, for å flytte omrisset av utvalet.
Notat | |
---|---|
Ein annan, meir generell måte å flytte eit utval på er å lage det om til eit flytande utval ( → ) og flytte rundt på dette ved å klikke og dra eller med piltastane. Den opphavlege plassen for utvalet blir tom. Ønskjer du å unngå dette, kan du i staden bruke kopier og lim inn. |