2.2. Frihandsutval

Figur 7.5. Å bruke frihandsutvalet

Å bruke frihandsutvalet

Eit nokså grovt utval

Å bruke frihandsutvalet

Å legge til eit utval i eit eksisterande utval


Lassoen er nokså unøyaktig når du bruker datamusa for å lage eit utval. Det er lett å treffe litt på sida av der du eigentleg hadde tenkt. Heldigvis finst det måtar å retta opp bommertane på. Har du behov for å utvide utvalet, held du nede Shift-tasten medan du teiknar dei nye grensene. Pass på at deler av det nye utvalet kjem innføre det eksisterande og at det nye utvalet er slutta. Så snart du slepp opp museknappen, vil det nye utvalet bli lagt til den gamle. Har du behov for å gjere utvalet mindre, bruker du Ctrl-tasten på same måten.

[Notat] Notat

For å arbeide meir nøyaktig kan du bruke snarmaska.