11.22. Alien Map

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2540 $ 2007-11-30 kost

11.22.1. Oversyn

Figur 15.171. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret “Alien Map


Dette filteret modifiserer fargane ved hjelp av trigonometriske funksjonar. Filteret arbeider på fargemodellane RGB og HSV.

11.22.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarKartAlien map

11.22.3. Innstillingar

Figur 15.172. Innstillingane for filteret “Alien Map

Innstillingane for filteret Alien Map

Førehandsvising

Viser resultatet av innstillingane etter kvart.

Modus

Du kan velje fargemodell med radioknappane RGB-fargemodell og HSV-fargemodell.

Avkryssingsboksane Endra ... kanalen blir brukte for å bestemma kva kanal du skal arbeide på.

Glidebrytarane

Glidebrytarane blir brukte for å setje frekvens (0 - 5) og faseforskyving (0 - 360) for kvar av fargekanalane.

Frekvens rundt 0,3 til 0,7 lager ei kurve med ein lineær funksjon nokså lik originalbiletet, bare mørkare eller med større kontrastar. Etter som frekvensen aukar vil også variasjonane i pikselomforminga bli meir og meir “utanomjordisk”.

Fase endrar verdiomforminga. 0° og 360° gir ein sinusfunksjon medan 90° gir ein kosinusfunksjon. 180° gir invertert sinus og 270° gir invertert kosinus.