Advarsel | |
---|---|
Dette filteret vil bli fjerna i framtidige versjonar (frå versjon 2.6). |
Dette filteret høyrer til avbildingsfiltra, altså filter som lagar koplingar mellom ei fargekjelde og eit bilete. I dette aktuelle filteret blir alle pikslane som har same farge som forgrunnsfargen i verktøykassa sett til svart og alle pikslane med same fargen som bakgrunnsfargen i verktøykassa til kvit. Dei andre fargane blir interpolerte. Det blir ingen endringar dersom forgrunnen er svart og bakgrunnen er kvit frå før.
Dette filteret er eigentleg ei spesialutgåve av filteret Seksjon 11.24, “ Bytt fargeområde ” med kjeldefargane sett til forgrunns- og bakgrunnsfargane og målfargane til svart og kvit.
Obs | |
---|---|
Dette filteret arbeider ikkje slik som venta dersom forgrunns- og bakgrunnsfargane inneheld dei same verdiane for ein eller fleire av fargekanalane raud, grøn og blå. Verre: filteret aksepterer fargane dine utan å kome med åtvaring. |