Dette filteret blir helst brukt for å fjerne støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerne moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du bruker filteret.
Førehandsvisinga syner forandringane før du legg dei inn i biletet.
Tilpassa: Dersom denne er aktivert, blir radius for innhaldet i biletet eller utvalet bestemt ut frå eit histogram. Glidebrytaren Radius er i så tilfelle ikkje aktiv. Denne innstillinga gir som oftast eit betre resultat enn når du stiller inn radius for hand.
Rekursiv: Dersom denne er avmerka, blir filteret køyrd fleire gonger for å forsterka verknaden.
Radius: Her bestemmer du kor stort område filteret skal verke på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Brytaren verkar ikkje dersom det er merka av for innstillinga Tilpassa.
Svartnivå: Fjernar pikslar som er mørkare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).
Kvitnivå: Fjernar pikslar som er lysare enn innstillinga på denne glidebrytaren (0-255).