6.3. Utvid

6.3.1. Oversyn

Figur 16.64. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Utvid


Dette filteret utvider og forsterkar mørke område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

Kvar piksel i biletet blir sett til den lågaste verdien av dei 8 nabopikslane (i ei 3 × 3 matrise). Dette kan i noen tilfelle generere støy i biletet i og med at mørke pikslar på ein lys bakgrunn kan bli til mørke fargeflekkar på 3 × 3 pikslar.

På dette biletet er det ei raud ramme rundt den aktive pikselen og ei grøn ramme rundt den tilsvarande matrisen. Den aktive pikselen vil få den mørkaste fargen, dvs. svart, i området som blir dekka av matrisa.

Eit større, mørkt område vil bli utvida med ein mørk piksel i alle retingar:

På dette biletet er filteret køyrd tre gonger.

På meir komplekse bilete blir dei mørke områda utvida og til ei viss grad forsterka samstundes med at biletet blir svakt “pikselert”. På dette biletet er filteret køyrd tre gonger:

Dersom bakgrunnen er mørkare enn forgrunnen, vil filteret sjølvsagt dekke heile biletet.

6.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterUspesifiserteUtvid

6.3.3. Eksempel

Figur 16.65. Utvida tekst

Utvida tekst

Figur 16.66. Utvida neoneffekt

Utvida neoneffekt