6.4. Erodér

6.4.1. Oversyn

Figur 16.67. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Eroder


Dette filteret utvidar og forsterkar lyse område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

Kvar piksel i biletet blir sett til den høgaste verdien av dei 8 nabopikslane (i ei 3 × 3 matrise). Dette betyr at det blir lagt til lyse pikslar rundt lyse område. Ein isolert lys piksel på ein lysare bakgrunn vil forsvinne heilt, medan eit større, lyst område vil bli utvida med ein piksel i alle retningar.

På komplekse bilete vil lyse område bli utvida og forsterka og svakt “pikselert”.

Filteret har ingen innstillingar.

Filteret kan også fjerna støy frå einsfarga bakgrunnar:

6.4.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterUspesifiserteEroder