Dette filteret omformar det aktive laget eller det aktive utvalet
slik at det ser ut som eit kaleidoskop. Dette blir gjort ved at kopiar av
biletet blir meir eller mindre dimma og oppdelte, og deretter spreidde
rundt sentrum av biletet.
10.5.2.
Aktivering
Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
Filter → Kart → Illusjon
10.5.3.
Innstillingar
Figur 16.208.
Innstillingane for filteret “Illusjon”
Deling
Her bestemmer du kor mange kopiar som skal brukast i biletet,
frå -32 til 64. Negative verdiar gjer at kaleidoskpopet blir
rotert motsett veg.
Modus
Dette er to måtar å tilordna kopiane til biletet:
Figur 16.209.
Frå venstre: Originalbiletet, Modus 1, Modus 1 med deling = 4