11.11. Qbist

11.11.1. Oversyn

Figur 16.268. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Qbist


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterMønsterQbist

Dette filteret lager eit tilfeldig teksturmønster ved hjelp av geometriske figurar og fargeovergangar. Det ferdige biletet vil erstatta biletet i det aktive laget fullstendig.

Figur 16.269. Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel

Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel
Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel
Tre meir eller mindre tilfeldige eksempel

11.11.2. Innstillingar

Figur 16.270. Innstillingane for filteret “Qbist

Innstillingane for filteret Qbist

I øvre delen av dialogvindauget finn du ni miniatyrar. Ruta i midten viser det aktive forslaget som blir lagt inn i biletet når du klikkar OK-knappen. Rundt dette åtte variasjonar over temaet. Finn du at ein av variasjonane kjem nærast ønskjet ditt, klikkar du på det for å flytte det inn i midten. Det vil då dukke opp åtte nye variasjonar over dette temaet. Finn du ingen brukbare forslag, kan du klikke på biletet i midten for å få filteret til å generer ein ny sekvens.

Kantutjamning

Er denne aktivert, vil alle kantane i biletet bli glatta ut.

Opna/Lagra

Det er i praksis uråd å finne fram til eit tidlegare kreert mønster. Finn du eit brukbart forslag, er det difor greitt å kunne lagra dette og hente det fram igjen seinare.