11.10. Puslespel

11.10.1. Oversyn

Figur 16.266. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Puslespel


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterTeiknefilterMønsterPuslespel

Dette filteret gjer at biletet ser ut som eit ferdig samansett puslespel. Strekane har lett for å bli hakkete, men dette er lett å utbetra med filteret Gaussisk sløring med liten radius (omkring 2).

[Tips] Tips

Dersom du har behov for å markere enkeltbitar frå puslespelet, kan dette gjerast ved å teikne puslespelet på eit separat lag fylt med einsfarga kvit. Sett lagmodus til “Multipliser” og klikk på bitane i dette nye laget med verktøyet tryllestaven.

11.10.2. Innstillingar

Figur 16.267. Innstillingane for filteret “Puslespel

Innstillingane for filteret Puslespel

Talet på bitar

Glidebrytarane styrer kor mange bitar det skal vere bortover og nedover.

Breidde på rundinga

Denne glidebrytaren blir brukt til å runde av kantane på bitane. Ein liten verdi her gir inntrykk av at puslespelet er skore ut i tre, medan ein større verdi gir avrunda kantar omlag som dei du finn på puslespel i papp.

Høglys

Dette er “gjenskinnet” i kantavrundingane for kvar bit. Breidda på høglyset er relativ til breidda på kantavrundinga. Som regel bør du bruke låge verdiar på desse to glidebrytarane når puslespelet inneheld mange bitar, og høgare verdiar når spelet har få bitar. Standardinnstillingane høver for eit 500 × 500 pikslars bilete.

Puslespeltype

Vel du Kvadratisk blir puslespelet laga med tilnærma rette linjer, medan Avrunda gjer at bitane blir meire avrunda.