Dette filteret er tenkt brukt nettopp for å fjerne dei raude augerefleksane som kan oppstå i menneskeauge når du fotograferer med blitz. Dersom det er eit utval i biletet, vil filteret arbeide på dette. Både for å unngå å forandra raudfargane i heile biletet, og for lettare å kunne sjå den ønskte verknaden, bør du difor lage eit passande utval rundt augeområdet med lasso- eller ellipseverktøyet. Dersom du gløymer å gjere utvalet, vil filteret minne deg om at “Du kan som oftast forbetra resultatet ved å marker augeområdet manuelt på førehand”.
Når “førehandsvisinga” er aktivert, vil endringane bli viste der før du legg dei til i biletet. Dermed kan du prøve deg fram for å finne den rette innstillinga for terskelverdien.
Med denne glidebrytaren bestemmer du grenseverdien for kor mykje av raudfargen som skal omformast til svart.
Med desse to knappane kan du forminska eller forstørra visinga i førehandsvisinga.