8.12. Krusning

8.12.1. Oversyn

Figur 16.134. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Krusning


Filteret legg småbølgjer eller krusningar inn i det aktive laget eller utvalet. Effekten kan minne om refleksjonar i uroleg vatn.

8.12.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarKrusning

8.12.3. Innstillingar

Figur 16.135. Innstillingane for filteret “Krusning

Innstillingane for filteret Krusning

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Innstillingar
Kantutjamning

Dette valet forbetrar skråkantar i biletet ved å jamne ut overgangane.

Behald flislegginga

Dersom biletet er flislagt, blir dei saumlause overgangane uforandra.

Orientering

Her kan du bestemma om bølgjene skal vere Horisontale eller Vertikale.

Kantar

Sidan filteret forskyv pikslar i biletet, kan det hende at det forsvinn pikslar frå kantane av biletet. Du kan her bestemme korleis dei manglande pikslane skal erstattast.

  • Linjebryting: Dei pikslane som blir borte frå ei side, dukkar opp på motsett side og erstattar pikslane som forsvinn frå denne sida.

  • Smør ut: Dei overskytande pikslane blir spreidde utover for å erstatte dei manglande pikslane.

  • Svart: Dei manglande pikslane bli erstatta med svarte pikslar.

Bølgjetype

Her kan du velje forma på bølgjene.

  • Sagtann: Bølgjene stig sakte og fell deretter brått av.

  • Sinus: Bølgjene stig og fell regelmessig som dønningar.

Periode

Periode: Relativ bølgelengde. Skalaen har eit område frå 0 til 200 pikslar.

Amplityde

Amplityde: Realativ bølgehøgde. Skalaen har eit område frå 0 til 200 pikslar.