8.13. Skift

8.13.1. Oversyn

Figur 16.136. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Skift


Dette filteret flytter, eller skifter, alle pikslane i det aktive laget eller det aktive utvalet meir eller mindre tilfeldig innføre gitte rammer.

8.13.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarSkift

8.13.3. Innstillingar

Figur 16.137. Innstillingane for filteret “Skift

Innstillingane for filteret Skift

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Skift Horisontal/Vertikal

Desse bestemmer kva retning pikslane skal skiftast.

Skiftavstand

I skiftfilteret blir pikslane flytte meir eller mindre tilfeldig. I kontrollen Skiftavstand kan du bestemme maksimalavstanden som pikslane skal flyttast.