Dette filteret formiskar det aktive laget eller utvalet og spreier kopiar av forminskingane ut innføre originalbiletet.
I uttrykket n² er “n” det talet du vel med glidebrytaren. Talet på fliser blir dette talet multiplisert med seg sjølv. Dersom du vel talet 3, vil dette resultere i 3² = 9 (altså 3 × 3 = 9 fliser) fliser.
Denne glidebrytaren blir brukt til å setje dekkevna for det ferdige biletet. Valet er bare tilgjengeleg når biletet inneheld alfakanal.
Flisene kan spegelvendast rundt ein Horisontal og/eller Vertikal akse ved å klikke i dei respektive rutene.
Det er også råd å bestemma kva fliser som skal vendast:
Alle flisene: Seier seg sjølv.
Annakvar flis: Bare odde fliser blir vendt.
Ei flis: Du kan definere ei bestemt flis ved hjelp av boksane Rad og Kolonne. Den valde flisa blir markert i førehandsvisinga ved at ho blir ramma inne.