9.11. Mjukglød

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2570 $ 2008-02-09 kost

9.11.1. Oversyn

Figur 16.194. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Mjukglød


Dette filteret gjer biletet lysare med ein mjuk glød ved å gjere lyse område litt lysare og samstundes litt diffuse. Noe liknande det gamle trikset med å bruke vaselin på linsa.

9.11.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskMjukglød

9.11.3. Innstillingar

Figur 16.195. Innstillingane for filteret “Mjukglød

Innstillingane for filteret Mjukglød

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Glødradius

Denne glidebrytaren styrer kor sterk effekten skal vere.

Lysstyrke

Denne kontrollen blir brukt for å bestemma kor mykje lysare dei lyse områda skal bli.

Skarpleik

Denne kontrollen bestemmer kor skarpt definert, eller kor diffus effekten skal vere.