10.37. Grenseverdi for alfa

Kommandoen Grenseverdi for alfa omformar delvis gjennomsiktige område i det aktive laget til fullstendig gjennomsiktige eller fullstendig ugjennomsiktige område. Du kan setje grenseverdiane for omforminga frå 0 til 255. Kommandoen verkar bare på RGB-bilete med alfakanal. Dersom biletet er indeksert eller i gråskala, eller laget er utan alfakanal, er kommandoen inaktiv. Dersom du har merka av for Lås gjennomsikt, vil kommandoen gi ei feilmelding.

10.37.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktGrenseverdi for alfa

10.37.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 15.121. Dialogen “Grenseverdi for alfa

Dialogen Grenseverdi for alfa

Grenseverdi

Du kan setje grenseverdien, mellom 0 og 255, ved hjelp av glidebrytaren, eller ved å skrive direkte i tekstboksen. Alle verdiar for gjennomsikt lågare enn grenseverdien blir gjort om til fullstendig ugjennomsikt, medan alle verdiar høgare enn grenseverdien blir fullstendig gjennomsiktige.