8.14. Verdiutbreiing

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2567 $ 2008-08-27 ciampix

8.14.1. Oversyn

Figur 16.138. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “verdiutbreiing


Dette filteret forandrar fargekantane ved å spreie pikslar med verdiar mellom dei valde grenseverdiane i dei valde retningane. Du kan også velje korleis dei spreidde pikslane skal påverka eksisterande pikslar.

8.14.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarVerdiutbreiing

8.14.3. Innstillingar

Figur 16.139. Innstillingane for filteret “Verdiutbreiing

Innstillingane for filteret Verdiutbreiing

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Modus

I det følgjande blir kvar modus vist med bileteksempel forstørra 8 gonger.

Meir kvitt (høg verdi)

Pikslane vil forplante seg frå område med høg lysverdi til område med lågare lysverdi og såleis utvide dei lyse områda.

Figur 16.140. Meir kvitt

Meir kvitt

Dei lyse pikslane har forplanta seg til dei mørke områda i fire retningar: opp, ned, høgre og venstre. Filteret er køyrd fleire gonger for å forsterka effekten.


Meir svart (liten verdi)

Pikslane vil forplante seg frå område med låg lysverdi til område med høgare lysverdi og såleis utvide dei mørke områda.

Figur 16.141. Meir svart

Meir svart

Figur 16.142. Meir svart, bare nedover

Meir svart, bare nedover

Det same som ovanfor, men nå avmerka bare for Nedover.


Middelverdi til spissane

I området mellom dei to grenseverdiane blir fargane i dei pikslane som finst der frå før og dei nye pikslane blanda samen til ein middelverdi.

Figur 16.143. Middelverdi til spissane

Middelverdi til spissane

Det blir lagt ei tynn ramme i ein mellomfarge rundt objektet. Ramma er ikkje synleg rundt objekt med utjamna kantar.

Middelverdi til spissane

Det grøne området er forstørra 800 gonger. Det er lagt til ei 1 piksle brei ramme med gjennomsnittsfargen mellom grå (90 %) og grøn (78 %): (90 + 78) / 2 = 84.


Forgrunn til spissane

Området mellom dei to grenseverdiane blir sett til forgrunnsfargen som blir vist i verktøykassa.

Figur 16.144. Forgrunn til spissane

Forgrunn til spissane

I dette eksemplet er forgrunnsfargen i verktøykassa sett til raud. Ei 1 piksel brei ramme er lagt rundt objektet. Dersom det er brukt kantutjamning på objektet, blir ramma laga i ytterkantane av utjamninga. Dette fordi objektet er så lite at kantutjamninga på motsette sider overlappar kvarandre.


Bare forgrunn

Bare område som har same fargen som forgrunnsfargen i verktøyskassa blir påverka.

Figur 16.145. Bare forgrunn

Bare forgrunn

I dette eksemplet er forgrunnsfargen i verktøykassa den same som det grøne objektet. Etter å ha køyrd filteret fleire gonger, er det grøne området tydeleg forstørra.


Bare bakgrunn

Bare område som har same fargen som bakgrunnsfargen i verktøykassa blir påverka.

Meir dekkevne/ gjennomsikt

Pikslane vil forplante seg frå opake (ugjennomsiktige) område eller gjennomsiktige område og gjere desse større. Desse funksjonane verkar bare på bilete med alfakanal.

Figur 16.146. Meir dekkevne

Meir dekkevne

Originallaget med gjennomsiktig bakgrunn

Meir dekkevne

Etter å ha køyrd filteret fleire gonger er dei grøne, ugjennomsiktige (opake) områda forstørra


Utbreiing
Øvre/nedre grenseverdi

Desse glidebrytarane bestemmer nedre og øvre grense for kva skilnader i pikselverdiane som blir påverka av filteret. Bare pikslar der verdiskilnaden mellom pikselen og nabopikslane ligg mellom den nedre grenseverdien og den øvre grenseverdien vil bli spreidde.

Utbreiingsmengde

Denne glidebrytaren bestemmer kor stor utbreiinga skal vere. Dess høgare tal dess sterkare verknad av filteret.

Utbreiingsretning

Du kan velje ein eller fleire utbreiingsretningingar.

Utbrei alfakanalen

Dette valet gjer at alfaverdien for pikselen blir utbreidd. Er det ikkje merka av for dette, vil pikselen få alfaverdien til nabopikslane. Dette valet er bare synleg dersom laget har alfakanal.

Utbrei verdikanalen

Dette valet gjer at fargekanalen, eller gråkanalen for gråskalabilete, blir utbreidd. Dette valet er bare synleg dersom laget har alfakanal.