8.17. Vri og vreng

8.17.1. Oversyn

Figur 16.151. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Vri og vreng


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarDrei og knip

Filteret forvrenger biletet eller utvalet på ein konsentrisk måte, dvs. sirklar utover frå eit sentrum.

Vri” lager om biletet til noe liknande straumkvervelen som kan oppstå når du tømmer badekaret.

Vreng” verkar omlag som om du har fest biletet på eit stykke mjuk gummi og bøyer og strekker denne gummibiten. Dersom Vrengingsmengda er negativ, vil biletoverflata sjå ut som ho sveller oppover, medan ein positiv verdi resulterer i ei biletflate som blir trykt ned ovanfrå.

[Tips] Tips

Effekten av “Vreng” kan av og til kompensere for bilete tatt med tele- eller fiskeaugeobjektiv.

Figur 16.152. Skjematisk forklaring

Skjematisk forklaring

Original

Skjematisk forklaring

Vridd

Skjematisk forklaring

Vrengt


8.17.2. Aktivering

Du kan aktivere dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarVri og vreng.

8.17.3. Innstillingar

Figur 16.153. Innstillingane for filteret “Vri og vreng

Innstillingane for filteret Vri og vreng

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Vrivinkel

Vrivinkel: Kontrollerer kor mange grader den påverka delen av biletet skal roterast, frå -360,0° til 360,0°. Negativ verdi betyr vriing med klokka, positiv verdi vriing mot klokka.

Vrengingsmengde

Vrengingsmengde: Bestemmer kor mykje den påverka delen av biletet skal vrengast utover eller innover. Ein negativ verdi gjer at vrenginga går utover i biletet, medan ein positiv verdi gjer at vrenginga går innover i biletet.

Radius

Radius: Bestemmer breidda på effekten og altså kor stort område av biletet som skal bli påverka. Skalaen går frå 0 til 2,0. Ein radius på 2,0 vil gå heilt ut til biletkanten, medan ein radius på 1,0 vil føre til at halve biletet blir forandra. Ein radius på 0 betyr at biletet blir uforandra.