8.18. Vind

8.18.1. Oversyn

Figur 16.154. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Vind


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarVind

Dette filteret kan brukast til å lage fartssløring, eller som eit generell sløringsfilter. Det som er karakteristisk for dette filteret, er at det finn kantar i biletet og “bles” ut tynne striper frå desse kantane. Sidan det er kantane som blir mest sløra når du fotograferer raske rørsler, kan dette filteret også brukast for å gi ein illusjon av rørsle.

8.18.2. Innstillingar

Figur 16.155. Innstillingane for filteret “Vind

Innstillingane for filteret Vind

Glidebrytaren Styrke bestemmer styrken på vinden. I tilleg kan du velje mellom to vindstilar, Vind og Blåst. Glidebrytaren Grenseverdi bestemmer kor mange fartsstriper det skal bli i biletet.

Sjølv om du bare har to vindretningar å velje mellom, kan du i tillegg bestemme kva kant av objektet som skal påverkast, anten i lo eller i le. Fartstripene frå vindsida er lyse, medan stripene frå le side er mørke.

Det er dette biletet som er utgangspunktet i eksempla som viser filtereffekten:

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Stil
  • Vind: I og med at denne innstillinga gir tynne linjer, vil dette vere det rette valet for å lage fartsstriper.

  • Blåst: Denne gir tykkare strekar, og kan vel heller minne om utblåsinga etter ein eksplosjon.

Retning

Du har bare valet mellom to vindretningar, anten frå venstre eller frå høgre.

Påverka kant
  • Leiande: Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender mot vinden. Stripene vil såleis gå inn over biletobjektet og dra med seg fargane frå objektet.

  • Hengande: Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender frå vinden. Stripene vil såleis gå bort frå biletobjektet.

  • Begge: Kombinerer begge effektane.

Grenseverdi

Grenseverdi: Denne glidebrytaren bestemmer grensa for kva filteret skal oppfatta som ein kant i biletet.

Styrke

Styrke: her kan du på ein relativ skala frå 1 til 50 bestemma styrken på effekten.