10.7. Avbild på objekt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2567 $ 2006-02-06 kost

10.7.1. Oversyn

Figur 16.211. Filteret “Avbild på objekt” brukt på eit foto

Filteret Avbild på objekt brukt på eit foto

Originalbiletet

Filteret Avbild på objekt brukt på eit foto

Etter bruk av filteret


Dette filteret overfører eit bilete til eit objekt. Objektet kan vere eit plan, ei kule, ein boks eller ein sylinder.

10.7.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKartAvbild på objekt

10.7.3. Innstillingar

10.7.3.1. Området for førehandsvising

I dette filteret har førehandsvisinga fleire funksjonar:

Førehandsvising

Førehandsvis!: Trykk på denne knappen dersom funksjonen du arbeider med ikkje har automatisk oppdatering av førehandsvisinga.

Når musepeikaren er i området for førehandsvising, vil han få form av ei hand. Denne handa kan du i noen av innstillingane for filteret bruke for å flytte rundt på det blå punktet som markerer posisjonen for lyskjelda. Dette punktet er bare synleg innføre førehandsvisinga.

Zoom-knappane

Zoom-knappane: Blir brukte til å forstørra eller forminska førehandsvisinga. Bruksområdet er nokså avgrensa.

Vis rutenett

Vis rutenett: Legg eit rutenett over førehandsvisinga. Dette kan vere til hjelp for å plassera effektane meir nøyaktig. Mest nyttig på Plan.

10.7.3.2. Fanen “Innstillingar

Figur 16.212. Innstillingane for “Innstillingar” i filteret “Avbild på objekt

Innstillingane for Innstillingar i filteret Avbild på objekt

Avbild på

Denne nedtrekksmenyen inneheld dei objekta det er råd å avbilda på. Du har valet mellom Plan, Kule, Boks eller Sylinder.

Gjennomsiktig bakgrunn

Den delen av biletet som ikkje blir berørt av objektet blir gjennomsiktig.

Kjeldebiletet som bakgrunn

Når du avbilder på eit plan og flytter dette rundt i biletet, blir deler av biletet utan pikslar. Dersom det er merka av for Kjeldebiletet som bakgrunn, vil desse tomme plassane bli fylt opp med kopiar frå originalbiletet.

[Notat] Notat

Denne funksjonen verkar bare på objektet “Plan”.

Lag nytt bilete

Dersom det er avmerka for denne funksjonen, vil det bli laga ein kopi av originalbiletet. Filteret vil arbeide på denne kopien og la originalen vere uforandra.

Aktiver kantutjamning

Dersom det oppstår “trappetrinn” langs kantane i biletet, kan du prøve å forbetra resultatet ved å aktivera denne funksjonen. (Sjå eventuelt i ordlista under Kantutjamning.) Funksjonen har to innstillingar:

  • Djupn: Dess høgare tal dess meir omfattande blir kantutjamninga. Ulempe: kan ta lang tid på trege maskiner.

  • Grenseverdi: Definerer omfanget av utjamninga. Prosessen stoppar når skilnaden i pikselverdiane blir mindre enn grenseverdien.

10.7.3.3. Fanen “Lys

Figur 16.213. Innstillingane for fanen “Lys

Innstillingane for fanen Lys

Lyssettingar
  • Type lyskjelde: Denne nedtrekkslista gir deg valet mellom Punktlys, Retningsbestemt lys eller Ikkje lys.

  • Lysfarge: Klikk på denne knappen for å opna dialogen for fargeval.

Posisjon

Dersom “punktlys” er vald, kan du setje x-, y- og z-koordinata her i staden for å flytte rundt på det blå punktet.

Dersom “retningsbestemt lys” er vald, vil x-, y- og z-parametra kontrollera “Retningsvektorane”. (Veit ikkje kva dette er. Verknaden er for meg usynleg. Noen tips?)

10.7.3.4. Fanen “Materiale

Figur 16.214. Innstillingane for fanen “Materiale

Innstillingane for fanen Materiale

Intensitetsnivå
  • Bakgrunnslys: Intensiteten på fargen frå originalbiletet som blir vist i område på objektet utan direktelys frå ei lyskjelde.

  • Diffusjon: Intensiteten på originalfargen i område som blir opplyst av ei lyskjelde.

Reflektivitet
  • Diffusjon: Høgare verdiar gjer at det blir reflektert meir lys slik at området ser lysare ut.

  • Spegling: Bestemmer kor intense høglysområda skal vere.

  • Høgglans: Bestemmer kor mykje fokusert høglysa skal vere. Dess høgare verdi dess meir glans i høglysa.

10.7.3.5. Fanen “Orientering

Figur 16.215. Innstillingane for Fanen “Orientering

Innstillingane for Fanen Orientering

Posisjon

Desse tre glidebrytarane blir brukte for å plassera objektet i biletet. X, Y og Z er koordinata i eit tredimensjonalt koordinatsystem.

Rotasjon

Desse tre glidebrytarane blir brukte for å rotere objektet rundt aksane X, Y og Z.

10.7.3.6. Fanen “Boks

Denne fanen er bare synleg når du har vald å avbilde på objektet “Boks”.

Figur 16.216. Innstillingane for fanen “Boks

Innstillingane for fanen Boks

Bilete til bokssidene

For kvar av bokssidene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret blei opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på kvar av dei seks sidene til boksen.

Skalering

Desse glidebrytarane blir brukte for å skalere boksen i alle tre retningane x, y og z.

10.7.3.7. Fanen “Sylinder

Denne fanen er bare synleg når du har vald å avbilde på objektet “Sylinder”.

Figur 16.217. Innstillingane for fanen “Sylinder

Innstillingane for fanen Sylinder

Bilete for endeflatene

For kvar av endeflatene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret blei opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på topp- og botnflata i sylinderen.

Storleik
  • Radius: Her bestemmer du radius for sylinderen. Dersom du har aktivert Vis rutenett kan du få eit brukbart inntrykk av korleis den endelege sylinderen blir sjåande ut.

  • Lengde: Her bestemmer du lengda for sylinderen. Dersom du har aktivert Vis rutenett kan du få eit brukbart inntrykk av korleis den endelege sylinderen blir sjåande ut.