15.6. Basisk II

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2446 $ 2007-MM-DD KoSt

15.6.1. Oversyn

Figur 16.317. Eksempel på bruk av filteret “Basisk II”

Eksempel på bruk av filteret Basisk II

Filteret brukt


Dette filteret legg ein fargeovergangseffekt med høglys, skygge og bakgrunn til alfalaget i det aktive laget.

[Advarsel] Advarsel

Biletet vil alltid bli så stort som det aktive laget.

Filteret er avleidd frå skriptet “Basisk I” (Utvidingar → Logo → Basisk II i verktøykassa) som lagar følgjande tekst effekt:

Script-Fu-skriptet “Basisk II”

Du kan reprodusere effekten ved å bruke Blandeverktøyet med desse innstillingane:

  • Modus: Multipliser

  • Fargeovergang: FG til BG (RGB) der forgrunnen er kvit og bakgrunnen svart.

  • Forskyving: 20

  • Form: Radial,

  • Utjamning: aktivert.

15.6.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Alfa til logo → Basisk II

15.6.3. Innstillingar

Figur 16.318. Innstillingar for filteret “basisk II”

Innstillingar for filteret basisk II

Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt til å fylle bakgrunnslaget laga av filteret. Forvalet er sett til kvit, men du kan klikke på fargeruta for å velje ein annan farge.

Tekstfarge

Namnet skriv seg frå det originale logoskriptet. I filteret blir denne fargen, som er forvald til raud (206,6,50), brukt for å farge inn alfakanalen før fargeovergangseffekten blir lagt til.