I normalstillinga fyller dette verktøyet eit område med ein fargeovergang (også kalla “gradient”) som byrjar med gjeldande forgrunnsfarge og går gradvis over til gjeldande bakgrunnsfarge, men du kan også velje andre innstillingar. For å legge inn ein overgang, drar du musemarkøren i den retninga du ønskjer blandinga skal gå og slepp museknappen når du meiner det er høveleg å slutta. Dess kortare distanse for blandinga, dess hardare blir overgangen.
Ved første augnekast kan dette verktøyet synast heilt overveldande, men les dette kapitlet og prøv deg fram med ulike innstillingar og du vil finne at det eigentleg er nokså enkelt. Dei to viktigaste innstillingane er Fargeovergang og Form. Klikkar du på overgangsvindauget vil det koma fram ei utval av ulike fargeovergangar som du kan velje mellom. Du kan også lage dine eigne overgangar. Du kan finne meir om fargeovergangar i Seksjon 10, “ Fargeovergangar ” og Seksjon 3.4, “ Dialogen for fargeovergangar ”.
Du har 11 ulike former å velje mellom: Lineær, bilineær, radial, firkanta, konisk (symmetrisk), konisk (usymmetrisk), formfyll (vinkla), formfyll (sfærisk), formfyll (krusa), spiral (med klokka) og endeleg spiral (mot klokka). Av desse er kanskje formene “formfyll” dei mest interessante. Desse vil følgje kantane til det markerte området, same kor intrikate dei måtte vere. I motsetnad til dei andre formene, der fargeovergangane er avhengige av kvar du klikkar og kor langt og i kva retning du drar markøren, er formfyll uavhengig av desse. Du kan klikka og dra kvar som helst på markeringa for å starta prosessen.
Tips | |
---|---|
Prøv valet “differanse” i modusmenyen. Sjølv med full dekkevne vil du kunne oppnå fantastiske resultat, ulike for kvart forsøk. |
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,Ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen L.
Ctrl-tasten blir brukt til å lage rette linjer avgrensa til 15º absolutt vinkel.
Du får fram verktøyinnstillingane ved å (dobbelt)klikka på verktøysymbolet i verktøykassa.
Notat | |
---|---|
Du kan her henta fram og velje mellom mange ulike fargeovergangar i nedtrekkslista. Til vanleg skifter fargen frå gjeldande forgrunnsfarge til gjeldande bakgrunnsfarge i den retningen du drar markøren. Markerer du for feltet Revers, vil fargane skifta frå bakgrunn til forgrunn.
Denne skyvebrytaren bestemmer kor “bratt” fargeovergangen mellom to fargar skal vere. Talet på brytaren bestemmer kor langt frå klikkpunktet fargeovergangen skal byrja.
I GIMP har du 11 ulike former for fargeovergangar å velje mellom. Desse er nærare omtalte nedanfor.
Denne overgangen byrjar med forgrunnsfargen der den teikna linja di byrjar, og går gradvis over til full bakgrunnsfarge der linja sluttar.
Som lineær, men går i begge retningane ut frå startpunktet. Avstanden er bestemt av stoppunktet. Kan vere nyttig når du t.d. skal farge ein sylinder.
Denne gir ein sirkel med forgrunnsfargen i midten og bakgrunnsfargen utanfor sirkelen. Kan minne om ei kule utan retningslys.
Dette er fire former som alle er variantar av kvadratet. Det er Firkanta, Formfyll (vinkla), Formfyll (sfærisk), og Formfyll (krusa). Alle desse formene legg forgrunnsfargen i sentrum av ein firkant som har senteret der du starta teiknelinja. Lengda på teiknelinja blir halve diagonalen i kvadratet. Dei fire vala med dei noe merkelege namna er ulike måtar å rekna ut fargegraderinga på. Den beste måten å lære skilnadane mellom desse, er rett og slett å prøve alle formene etter tur.
Konisk (symmetrisk) gir ei kjensle av å sjå ned på toppen av ein kon som blir opplyst med bakgrunnsfargen i ei retning som blir bestemt av retninga på teiknelinja.
Konisk (asymmetrisk) er svært lik Konisk (symmetrisk), men konen får ein rygg der linja blir teikna.
Lager ein spiral med ei breidde bestemt av lengda på teiknelinja.
Du har to modus å velje mellom. Sagtannmønsteret byrjar med forgrunnsfargen og går gradvis over til bakgrunnsfargen for så å starte på nytt med forgrunnsfargen igjen. FG >>> BG, FG >>> BG osv. Når det triangulære mønsteret kjem til endes, blir overgangen reversert slik at overgangen går mot forgrunnsfargen igjen. FG >>> BG >>> FG osv.
Utjamning er ein måte å glatta ut overgangane på. Sjå meir om dette i ordlista
Dette er ein meir avansert måte for å jamne ut “taggane” som kjem langs ei skrå eller kurva linje i eit digitalt bilete.