Dette filteret bruker eit gråskalabilete med eitt enkelt lag som sjablong (mønster) for utskjeringane. Biletet som det skal skjerast ut i må ha eitt enkelt biletlag i RGB-format eller gråskala. Dette biletet må ha nøyaktig same format som sjablongbiletet.
Her vel du kva bilete som effekten av utskjeringa skal verka på. Nedtrekkslista vil vise alle opna bilete.
Denne innstillinga er normalt aktivert og gjer at sjablongen verkar slik som nemnd ovanfor. Dersom denne ikkje er aktivert, vil filteret bruke det inverterte biletet som mønster. Eksempel:
I eksemplet nedanfor er målet eit einsfarga, lysegult bilete. Legg merke til at når skjer kvite område er aktivert (biletet til venstre), er det rektangulære området som svarer til det svarte området på sjablongen uforandra. Dersom dette valet ikkje er aktivisert (biletet til høgre), blir det elliptiske området som svarer til det svarte området på den inverterte sjablongen uforandra.