16.7. Dias

16.7.1. Oversyn

Figur 16.379. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “dias


Dette filteret gjer at biletet blir sjåande ut som eit lysbilde (dias) ved å legge til ein perforert, svart kant over og under biletet. Dersom biletet er i høgdeformat, blir kanten lagt på kvar av sidene. “Filmbasen” kan også innehalde tekst og biletnummer.

Forholdet mellom breidde og høgde er sett til 3 : 2. Dersom biletet har eit anna format, blir det beskore. Dersom biletet er i breiddeformat, altså at biletbreidda er større enn høgda, vil den svarte ramma bli lagt til oppe og nede i biletet, elles blir ho lagt til på høgre og venstre side. Du kan bestemma farge og skrifttype for teksten som kjem fram i rammene. Perforeringane blir teikna med den gjeldande bakgrunnsfargen.

Filteret verkar bare på RGB-bilete og gråskalabilete med eitt biletlag. For andre format er kommandoen gråa ut.

16.7.2. Innstillingar

Figur 16.380. Innstillingane for filteret “dias

Innstillingane for filteret dias

Tekst

Teksten som skal visast på ramma (“filmen”). Det er lite plass, så teksten bør vere kort.

Nummer

Talet du skriv her blir brukt for å imitere biletnummeret på filmen. (På ein verkeleg film normalt frå 1 til ca. 40). Talet blir vist to ganger, den eine gongen med bokstaven “A” lagt til.

Skrifttype

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velje skrifttype for teksten på ramma.

Tekstfarge

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velje skriftfarge for teksten på ramma.

Arbeid på kopi

Dersom du har merka av for dette valet, vil originalbiletet vere uforandra. Ramma blir lagt til i ein kopi av originalen.