15.20. Stjerneutbrot

15.20.1. Oversyn

Figur 16.354. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “stjerneutbrot


Dette filteret fyller alfakanalen i det aktive biletlaget med noe som kan likne på eit stjerneutbrot eller ein stjerneeksplosjon. Filteret legg også til skygge.

Filteret er avleidd frå skriptet “stjerneutbrot” (UtvidLogoStjerneutbrot i verktøykassa) som lagar ein logo frå ein fritt vald tekst, for eksempel

Du kan bruke filteret for å laga figurar fylt med stjerneutbrotet.

Figur 16.355. Skriptet og filteret “stjerneutbrot

Skriptet og filteret stjerneutbrot

Scrip-Fu-skriptet “stjerneutbrot

Skriptet og filteret stjerneutbrot

Filteret “stjerneutbrot


Filteret bruker fire lag der tre av desse blir laga av filteret:

Laga etter bruk av filteret “stjerneutbrot” filter

  • Laget “Burst” inneheld den eksploderande stjerna, laga av filteret supernova.

  • Det aktive laget har namnet “2” i eksemplet ovanfor. Dette er fylt med mønsterelementetCrack”. Innhaldet i dette laget betyr ingenting, derimot er alfakanalen for det aktive laget viktig.

    [Advarsel] Advarsel

    Biletet vil alltid bli så stort som det aktive laget.

  • Laget “Shadow” inneheld ein slagskygge av same form som alfakanalen til det aktive laget, men litt utvida.

  • Laget “Background” er eit nytt lag som er fylt med bakgrunnsfargen.

15.20.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoStjerneutbrot

15.20.3. Innstillingar

Figur 16.356. Innstillingane for filteret “Stjerneutbrot

Innstillingane for filteret Stjerneutbrot

Effektstorleik (Pikslar * 30)

Ignorer denne innstillinga.[11]

Utbrotsfarge

Denne fargen blir brukt av filteret supernova som farge på den eksploderande stjerna. Fargen er førehandssett til grøn, men du kan velje kva farge du vil.

Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt for å fylle laget “Background”. Fargen er førehandssett til kvit, men du kan velje kva farge du vil med å trykke på fargeknappen.



[11] Dette er eigentleg innstillinga for skriftstorleik i skriptet Starburst Script-Fu. Du kan likevel bruke denne innstillinga for å bestemme kor stor den nedre, høgre skyggen skal vere, for eksempel: “effektstorleik” * 0.03.