7.9. Xach-effekt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2512 $ 2008-07-20 kost

7.9.1. Oversyn

Figur 16.98. Eksempel på bruk av filteret “Xach-effekt

Eksempel på bruk av filteret Xach-effekt

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret Xach-effekt

Etter bruk av filteret


Dette filteret legg til ein gjennomskinleg 3D-effekt i utvalet eller alfakanalen. 3D-effekten blir laga i fleire omgangar:

  • Ved å legge inn høglys ved hjelp av eit nytt lag (“Highlight”) over det aktive laget. Dette laget blir fyllt med den valde høglysfargen. Deretter blir det lagt til ei lagmaske i det nye laget for å gjere pikslane i laget delvis gjennomsiktige.

    Høglyslaget med lagmaska

  • Høglyslaget blir utvida på anten venstre og øvre kant eller høgre og nedre kant. Dei utvida områda blir malt med høglysfargen og får full dekkevne.

  • Det blir oppretta eit nytt lag (“Shadow”) like over det aktive laget. Dette laget inneheld ein slagskygge.

Du kan sjølvsagt forandre innstillingane og for eksempel bruke ulike fargar for høglyset og skyggen, eller forandre retninga og mengda av forskyvingane.

7.9.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeXach-effekt

7.9.3. Innstillingar

Filteret har to innstillingsgrupper. Den eine kontrollerer høglyset den andre skyggen. Dessutan ein kontrollboks for å behalde utvalet eller ikkje.

Figur 16.99. Innstillingane for filteret “Xach-effekt

Innstillingane for filteret Xach-effekt

Høglys X-/Y-forskyving

Desse forskyvingane bestemmer breidda på dei kantane som skal malast med høglysfargen. Dersom forskyvinga er mindre enn 0 (normalinnstillinga) vil den venstre (X-forskyving < 0) og den øvre kanten (Y-forskyving < 0) bli farga. Er verdiane større enn 0 vil den venstre kanten (X-forskyving > 0) eller den nedre kanten (Y-forskyving > 0) bli farga.

Farge på høglyset

Dette er høglysfargen som blir brukt på dei valde områda. Normalinnstiullinga er kvit, men du kan skifte farge ved å klikke i fargeruta for å få fram fargeveljaren.

Dekkevne for høglyset

Denne glidebrytaren bestemmer kor gjennomsiktig det valde området skal vere. Sidan dette blir gjort ved hjelp av ei lagmaske, går området for glidebrytaren frå 0 (full gjennomsikt) til 255 (full dekkevne).

Normalinnstillinga er sett til 66, som tilsvarar 26 %.

Innstillingane for slagskyggen

Desse innstillingane verkar på same måte som innstillingane for filteret slagskygge, men utan å forandre storleiken.

Farge på slagskyggen

Klikk på knappen for å opna fargeveljaren.

Dekkevne for slagskyggen

Dekkevna (0% - 100%) for laget som inneheld slagskyggen.

Sløringsradius for slagskyggen

Denne verdien blir brukt for å bestemma kor mykje filteret gaussisk sløring skal sløre skyggen.

X-/Y-forskyving av slagskyggen

Her bestemmer du lengda og retninga på skyggen.

Behald utvalet

Dersom denne er avkryssa, vil det aktive utvalet også vere det aktive utvalet etter at filteret er brukt.