Kapittel 2. Fyr opp GIMP

Innhald

1. Starthjelp
1.1. Kjende plattformer
1.2. Språk
1.3. Argument i kommandolinja
2. Å starte GIMP for første gong
2.1. Endeleg …

1. Starthjelp

Avhengig av operativsystemet du har, vil du som oftast opne GIMP ved å trykke på eit ikon på skrivebordet eller ved å skrive gimp på ei kommandolinje. Har du fleire utgåver av GIMP liggjande i maskinen din, må du kanskje skrive gimp-2.6 eller noe liknande for å få opp den siste versjonen. Du kan, dersom det er ønskjeleg, skrive ei liste over biletfiler på kommandolinja etter programnamnet. Desse bileta vil så bli opna automatisk av GIMP. Sjølvsagt kan du også opne filer frå GIMP medan programmet arbeider.

Dei fleste operativsystema har ein eller annan måte for å tilordna filklassar, kjenneteikna ved filnamnutvidingane som t.d. «.jpg», til bestemte program, som t.d. GIMP. Du kan altså stille inn programmet slik at når du dobbeltklikkar på ei biletfil i filutforskaren, vil dette biletet bli opna i GIMP.

1.1. Kjende plattformer

GIMP kan brukast på fleire plattformer, operativsystem, enn noe anna biletbehandlingsprogram. Til nå er GIMP prøvd ut på desse plattformene:

GNU/Linux™, Apple Mac OS X™, Microsoft Windows™, OpenBSD™, NetBSD™, FreeBSD™, Solaris™, SunOS™, AIX™, HP-UX™, Tru64™, Digital UNIX™, OSF/1™, IRIX™, OS/2™ og BeOS™.

Sidan GIMP har opne kjeldekoder, er det enkelt å tilpassa programmet til andre operativsystem. Du kan finne meir om dette på denne Internettadressa: [GIMP-DEV].

1.2. Språk

GIMP vil bruke det språket maskinen er sett opp med. Dersom GIMP av ein eller annan grunn ikkje finn språket, eller dersom du ønskjer å bruke eit anna språk, kan du bytte språk i maskinen slik:

Linux

I LINUX: i «console mode», skriv du LANGUAGE=xx GIMP eller LANG=xx GIMP der du bytter ut «xx» med koden for det språket du ønskjer. Bakgrunn: LANGUAGE=xx set ein omgivnadsvariabel («environment variable») for programmet gimp.

Windows XP

Trykk på Start-knappen og vel «Kontrollpanel». Derifrå går du til /Innstillinger for region og språk/Regionale innstillinger/. Vel språk frå nedtrekkslista. Dersom du har stilt inn oppgåvelinja til å vise språk, kan du også endre dette frå oppgåvelinja.

Dersom du ofte skifter språk, eller dersom metoden ovanfor ikkje verkar, kan du lage ei «batchfil» for dette. Opna Notisblokk el. l. program og skriv inn følgjande (for fransk):

set lang=fr

start gimp-2.6.exe

Lagra fila i [...]/gimp-2-x-y/bin (der x og y er tal som er versjonsavhengig) som GIMP-FR.BAT (eller eit anna høveleg namn, men alltid med filutvidinga .BAT). Lag ein snarveg til fila på skrivebordet.

Ein annan måte dersom programmet er installert: Vel StartAlle programmerGTK Runtime Environment og deretter Select language og vel språk frå nedtrekkslista.

Apple Mac OS X

Gå til System Preferences, klikk på ikonet «International» og set det ønskte språket øvst på lista.

Start ei ny økt av GIMP

Du kan køyre to versjonar av GIMP samstundes ved å tilføye -n i kommandolinja. For eksempel kan du bruke gimp-2.6 for å starte GIMP på norsk og LANGUAGE=en gimp-2.6 -n for samstundes å køyre GIMP på engelsk. Dette kan vere greitt når du t.d. bruker ei engelskspråkleg oppskrift eller innføring.

1.3. Argument i kommandolinja

Det er ikkje nødvendig å bruke argument når du opnar GIMP, men i tilfelle du av ein eller annan grunn skulle ha bruk for det, er noen av dei vanlegaste argumenta viste nedanfor. I Unix-system kan du bruke man gimp for å liste ut alle argumenta.

For å kunne bruke kommandoane, må du skrive dei inn som gimp-2.6 [OPTION...] [FILE|URI...] i kommandolinja som blir brukt for å opne GIMP.

-?, --help

Vis ei liste over alle kommandoane

--help-all

Vis alle hjelpevala

--help-gtk

Vis alternativ for GTK+

-v, --version

Skriv kva for versjon av GIMP som er i bruk, og slutt av programmet.

--license

Vis lisensinformasjon og slutt av

--verbose

Vis detaljerte oppstartmeldingar.

-n, --new-instance

Start ei ny økt av GIMP.

-a, --as-new

Opna bilete som nytt

-i, --no-interface

Køyr utan brukargrensesnitt.

-d, --no-data

Ikkje last inn mønsterelement, fargeovergangar, palettar eller penslar. Kan vere nyttig i ikkje-interaktive situasjonar der oppstarttida skal vere kortast råd.

-f, --no-fonts

Ikkje last inn skrifttypar. Dette kan korte ned oppstarttida for GIMP når skripta ikkje bruker skrifttypar. Kan også vere nyttig for å finne skrifttypar med feil som gjer at GIMP stoppar opp.

-s, --no-splash

Ikkje vis oppstartskjermen.

--no-shm

Ikkje bruk delt minne mellom GIMP og programtillegga.

--no-cpu-accel

Ikkje bruk funksjonar for å auke farten på CPU. Kan vere nyttig for å finne eventuelle feil i slik programvare eller utstyr.

--session=namn

Bruk eit anna sessionrc for denne GIMP-økta. Det gjevne «session name» blir lagt til det normale «sessionrc filename».

--gimprc=filenamn

Bruk ei alternativ «gimprc»-fil i staden for den vanlege. «gimprc»-fila inneheld data om innstillingane dine. Kan vere nyttige når banane til programtillegga eller maskinoppsettet er endra.

--system-gimprc=filenamn

Bruk ei alternativ system-gimprc-fil.

-b, --batch=kommandoar

Utfør kommandosettet «non-interactively». Kommandosettet er typisk eit skript som blir utført av ei av GIMP sine skriptutvidingar. Dersom du bruker kommandoen -, vil kommandoane bli lesne frå standarinngangen.

--batch-interpreter=proc

Prosedyren som blir brukt for å køyre mengdetolkarane (batch kommandoane). Denne er normalt sett til Script-Fu.

--console-messages

Ikkje bruk sprettoppvindauge ved varsling av feil. Skriv meldingane til konsollen i staden.

--pdb-compat-mode=modus

PDB kompatibilitetsmodus (off|on|warn)

--stack-trace-mode=mode

Feilfinning i tilfelle krasj (never|query|always)

--debug-handlers

Aktiver signalhandterarar for ikkje-fatale feil. Blir brukt for å finne feil i GIMP.

--g-fatal-warnings

Gjer alle åtvaringane fatale. Blir brukt for å finne feil i GIMP.

--dump-gimprc

Vis ei gimprc-fil med normalinnstillingane. Kan kome til nytte dersom du rotar til gimprc-fila.

--display=display

Bruk X visning (gjeld ikkje på Microsoft Windows).