3.13. Slør eller skjerp

Figur 13.86. Symbolet for «Slør eller skjerp» i verktøykassa

Symbolet for «Slør eller skjerp» i verktøykassa

Dette verktøyet nyttar den aktive penselen for anten å sløre eller å skjerpe deler av biletet. Sløreeffekten kan vere nyttig dersom du vil tone ned enkeltelement i biletet. Skulle du ha behov for å sløre heile biletet eller større deler av det, kjem du betre ut ved å bruke eitt av slørefiltra. Strykretninga har ingen effekt på dette verktøyet. Skulle du ha behov for å markere strykretninga, bruker du utsmøringsverktøyet.

Verktøyet slør/skjerp gjer eit bilete skarpare ved å auka kontrasten. Denne forma for skjerping har lett for å laga støy i biletet. Dersom dette er eit problem, kan du prøve eit av forbetringsfiltra, t.d. uskarpmaske.

[Tips] Tips

Det er også råd å skjerpe bilete ved å gå vegen om kloneverktøyet. Lag ein kopi av laget du arbeider på og køyr eit av forbetringsfiltra, t.d. uskarpmaska, på kopien. Deretter aktiverer du kloneverktøyet med «innretting» sett til «direkte». Sett dekkevne til ein liten verdi, t.d. 10. Ctrl-klikk på kopien for å gjere denne til kjelde for kloninga, og teikna på det originale laget med kloneverktøyet. Der penselen treff vil det uskarpe området bli blanda saman med det skarpe området.

Begge verktøya arbeider suksessivt, dvs. at effekten aukar dess fleire gonger du stryk penselen over eit område. Kor mykje biletet skal slørast eller skjerpast for kvart strøk, blir bestemt av kontrollen som set graden. Kontrollen for dekkevne bestemmer kor mykje eit bilete maksimalt kan bli tilsløra, same kor mange gonger du stryk over det.

3.13.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten frå

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaSlør eller skjerp,

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa.

  • Med tastesnarvegen Shift + U.

3.13.2. Valtastane (normalinnstillinga)

Sjå Oversyn over teikneverktøya for omtale av dei valtastane som verkar likt på alle teikneverktøya.

Ctrl

Hald nede Ctrl- tasten for å bytte mellom slørmodus og skjerpmodus. Tasten reverserer valet gjort i verktøyinnstillingane.

3.13.3. Innstillingar

Figur 13.87. Innstillingane for verktøyet «Slør eller skjerp»

Innstillingane for verktøyet «Slør eller skjerp»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Dekkevne, pensel, skalering, penseldynamikk, uttoning, sitring, hard kant
Du finn ei beskriving av innstillingar som gjeld mange eller alle teikneverktøya under felles innstillingar for teikneverktøya.
Arbeidsmodus

I slør-modus blir kvar piksel som penselen glir over blanda med dei nærliggande pikslane og gir såleis ei overvekt av nokså like pikslar i penselstrøket. Dette gjer at overgangen mellom fargane blir viska ut, men kan også føre til at overgangen blir mørkare. I modus Gjer skarpare vil kvar piksel bli litt meir ulik nabopikslane enn han var før. Dette aukar kontrasten. For mykje skjerping gjer biletet stygt. Same kva innstilling du har vald kan du bytte til den andre innstillinga ved å halde nede Ctrl-tasten.

I skjerp-modus blir kvar piksel litt meir ulik nabopikslane for kvart strøk. Kontrasten aukar. Held du på for lenge, kan resultatet bli uventa stygt.

Grad

Denne glidebrytaren bestemmer graden av vald effekt, dvs. kor mange strøk som må til for å få maksimum effekt. Ein verdi på 0 gjer at verktøyet har ingen effekt, medan ein verdi på 100 gir stor effekt.