Dette verktøyet bruker den aktive penselen for å gni fargane utover i det aktive laget eller i det aktive utvalet. Verktøyet plukker opp farge undervegs og blandar denne med den neste fargen det møter. Du kan bestemme kor sterk utsmøringa skal vere.
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen S.
Gjer at verktøyet gnir utover i rette linjer. Held du nede Shift-tasten medan du klikkar med vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan klikke på nye punkt for å lage nye, rette linjer.
Tastekombinasjonen Ctrl + Shift gjer at verktøyet teiknar i vinklar delelege med 15°. (15°, 30° osv.)
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.