Verktøyet for avskygging eller etterbelysning bruker aktiv pensel for å gjere fargane i biletet lysare (avskygging) eller mørkare (etterbelysning) avhengig av modusinnstillinga. Opphavet til denne funksjonen finn vi i mørkerommet, der fotografen kunne gjere deler av biletet lysare ved å skygga for lyset frå forstørringsapparatet, eller mørkare ved å gi ein ekstra dose med lys, dvs «etterbelyse» biletet der dette måtte vere ønskjeleg.
Du kan hente fram dette verktøyet anten frå
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen Shift + D.
Hald nede Ctrl-tasten for å skifter mellom vald funksjon (avskygging eller etterbelysning). Skiftet er aktivt så lenge du held tasten nede.
Shift gjer at verktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.
Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.Innstillinga «type» bestemmer kva som skal vere standard arbeidsmodus. Verktøyet vil skifte til den modus som ikkje er vald når du held nede Ctrl-tasten.
Avskygging gjer fargane lysare.
Her bestemmer du kva fargetype verktøyet skal verke sterkast på. Du kan velje mellom
Skyggar: verknaden er sterkast på mørke fargar.
Mellomtoner: verknaden er sterkast på fargar i mellomskiktet.
Lyse toner: verknaden er sterkast på lyse fargar.
Definerar kor sterk verknaden skal vere på biletet. Normalinnstillinga er 50, men kan varierast frå 0 til 100. Dess høgare verdi dess sterkare verknad.