4.4. Å beskjere eit biletet

Figur 3.26. Eksempel på beskjering

Eksempel på beskjering

Originalbiletet

Eksempel på beskjering

Etter beskjeringa


Det kan vere mange grunnar for å beskjere eit bilete. Kanskje ønskjer du at biletet skal fylle ei ramme eller du føler for å fjerne ein ubrukbar bakgrunn for å markera hovudmotivet betre. Du kan aktivere beskjeringsverktøyet ved anten å klikke på symbolet i verktøykassa (den enklaste måten) eller frå menyen VerktøyTransformasjonsverktøyaBeskjer. Når beskjeringsverktøyet er aktivt, vil markøren forandra seg, og du kan klikke på eit vald startpunkt og dra eit rektangel ut på biletet så lenge du held museknappen nede. Denne gongen har eg vald det store og vakre APOD-biletet [APOD05].

Figur 3.27. Marker områet som skal beskjerast

Marker områet som skal beskjerast

Eg har som vane å klikke der eg reknar med at det øvre, venstre hjørne vil vere, og drar rektangelet nedover mot det høgre hjørnet slik pila viser. Du treng ikkje vere særleg nøyaktig i denne omgangen, du kan finjustera seinare.

Figur 3.28. Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Innstillingane for beskjeringsverktøyet

Når klikk-og-dra-rørsla er avslutta, vil det stå igjen eit rektangel som viser det utvalde området. Flytter du musepeikaren over dei ulike områda i utvalet, vil utsjånaden på peikaren forandre seg for å vise kva retning du kan dra rektangelet for å forandre storleiken på det. Som vist i biletet over, vil storleiken og sideforholdet bli vist i statuslinja. Du finn meir informasjon om beskjering i Del 4.4, «Beskjering». Ønskjer du å gjere utvalet kvadratisk, finn du breidde og høgde ved hjelp av bileteigenskapane (sjå Del 4.5, «Å finne biletinformasjon») og vel den minste av desse som side i kvadratet. I mitt 300 × 225 piksel store bilete er det største kvadratet eg kan få 225 × 225 pikslar. Bruk flytteområda i utvalet og dra kvadratet over den beste delen av biletet. Når du er nøgd med resultatet, dobbeltklikkar du inne i utvalet for å beskjere biletet.