4.5. Å finne biletinformasjon

Figur 3.29. Å finne info

Å finne info

Dette eksempelet bruker eit anna bilete frå APOD [APOD06]. Du kan finne mykje informasjon om biletet, f. eks. biletdimensjonane, frå menyvalet BileteBileteigenskapar.

Figur 3.30. Dialogvindauget for bileteigenskapane

Dialogvindauget for bileteigenskapane

Dersom du ikkje har andre ønskje enn å lage eit kvadrat av eit rektangel, treng du bare opne dialogen og finne fram til den minste lengda og bruke denne som omtalt i Del 4.4, «Å beskjere eit biletet». Sidan dette er svært lite informasjon, og på ingen måte nok til å fylle rommet mellom miniatyren og skjermbiletet av dialogen, tenkte eg å gå gjennom noen rekneøvingar som kan vere til hjelp for å forbetra biletet.

Figur 3.31. Skaleringsproblem

Skaleringsproblem

Det kan vere greitt å vise biletet på skjermen i same storleik og format som eit foto. Det ser ut til at foto på Internett er tenkt å bli omlag 10 × 15 cm ( ca. 4 × 6 tommar) når dei blir skalerte til 288 × 432 pikslar med 72 dpi oppløysing for dei fleste skjermane. Forholdet mellom breidde og høgde i originalbiletet vil ikkje gi det ønskte 10 × 15 forholdet. Noen pikslar må fjernast frå øvst i biletet.

Figur 3.32. Problemet er løyst med beskjering

Problemet er løyst med beskjering

Du kan få problem når du blandar skanna foto med digitalfoto eller med skanna negativfilm. Moderne framkallingsmaskiner skjer automatisk bort 12 - 13 mm (½ tomme) av biletet. Orsakinga er at maskinen skal passe eit bestemt kamerautsnitt. Dersom du planlegg å skrive ut biletet på ein slik maskin, eller skal lage ei utstilling der bileta har ulike opphav, kan det vere nødvendig med litt intelligent beskjering for å få til den beste storleiken for bileta. Dersom du finn dette forvirrande, skuld på fotoindustrien, ikkje på GIMP.

Du kan også forandre oppløysinga ved hjelp av same metoden som vi brukte for skaleringa. Dersom biletet skal skrivast ut av eit fotolaboratorium, bør oppløysinga vere 300 pikslar for kvar tomme (ppi). Originalbiletet på 2241 × 1548 pikslar kan utan vidare skrivast ut som 7 × 5 tommars foto (ca. 18 × 13 cm). 2241 pikslar / 300 ppi = 7,47 tommar. Finn fram kalkulatoren og rekn ut lengda på kortsida: 1548 / 300 = ?. Vil du ha svaret i mm, er 1 tomme lik 25,4 mm.

Eit anna brutalt faktum, dersom du er uvand med datamaskiner og grafikk, er at sjølv om biletet ser bra ut på skjermen, treng det ikkje bli like bra i utskrift. Eg har her prøvd å etterlikne korleis dette biletet blir sjåande ut i utskrift med 300 dpi. Eg er lei for det. Det finst fleire måtar å gjere det på. Ein ven av meg skreiv ut bileta og skanna dei inn igjen. Forferdeleg.

Figur 3.33. Slik blei biletet i utskrift

Slik blei biletet i utskrift