16.3. Alien Glow

16.3.1. Oversyn

Figur 16.345. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Alien Glow»


Filteret lagar eit nifs glød rundt alfakanalen i det aktive laget.

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret, som er utvikla frå skriptet «Alien Glow» (Fil → Hent inn → Logoar → Allien Glow i biletmenyen), lagar følgjande teksteffekt:

Script-Fu-skriptet «Allien Glow».

Dette er lett å reprodusera:

  • Dersom det er nødvendig, opprett eit utval frå alfakanalen av det aktive laget.

  • Fyll utvalet med følgjande fargeovergang med blandeverktøyet sett til: Form = Forma (sfærisk); Fargeovergang = FG til BG (RGB), med FG = mørkgrå (79,79,79), BG = svart.

  • Opprett eit nytt lag («Alien Glow») nedanfor. Utvid utvalet lite grann, lag mjuke kantar på det og fyll det med glødfarge.

  • Opprett ein ny bakgrunn fylt med svart.

16.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Alfa til logo → Alien Glow

16.3.3. Innstillingar

Figur 16.346. Innstillingar for filteret «Alien Glow»

Innstillingar for filteret «Alien Glow»

Glødstorleik (pikslar × 4)

Dette er eigenleg skriftstorleiken brukt i Script-Fu-skriptet «Alien Glow», men verdien her blir også brukt til å bestemme to andre verdiar. Gløden blir forstørra med «gødstorleik» / 30 og radius for den mjuke kanten blir sett til «glødstorleik» / 4. Ut frå dette kan det vere greitt å bruke høgda på objektet som glødstorleik.

Glødfarge

Dette er fargen på den «nifse» glødinga. Forvalet er sett til grøn (63,252,0), men du kan sjølvsagt forandre fargen ved å klikke i fargeruta.