16.6. Basisk II

16.6.1. Oversyn

Figur 16.351. Eksempel på bruk av filteret «Basisk II»

Eksempel på bruk av filteret «Basisk II»

Filteret brukt


Dette filteret legg ein fargeovergangseffekt med høglys, skygge og bakgrunn til alfalaget i det aktive laget.

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret, som er utvikla frå skriptet «Basisk II» (FilHent innLogoarBasisk II i biletmenyen), teiknar den ønskte teksten over bakgrunnen med slagskygge og høglys:

Script-Fu-skriptet «Basisk II»

Du kan reprodusere effekten ved å bruke Blandeverktøyet med desse innstillingane:

  • Modus: Multipliser

  • Fargeovergang: FG til BG (RGB) der forgrunnen er kvit og bakgrunnen svart

  • Forskyving: 20

  • Form: Radial

  • Utjamning: Avkryssa

16.6.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoBasisk II.

16.6.3. Innstillingar

Figur 16.352. Innstillingar for filteret «basisk II»

Innstillingar for filteret «basisk II»

Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt til å fylle bakgrunnslaget laga av filteret. Forvalet er sett til kvit, men du kan klikke på fargeruta for å velje ein annan farge.

Tekstfarge

Namnet skriv seg frå det originale logoskriptet. I filteret blir denne fargen, som er forvald til raud (206,6,50), brukt for å farge inn alfakanalen før fargeovergangseffekten blir lagt til.