16.9. Kritt

16.9.1. Oversyn

Figur 16.358. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «kritt»


Dette filteret gjer at det aktive laget ser ut som det er teikna med kritt.

Filteret, som er utvikla frå skriptet «Kritt» (FilHent innLogoarKritt i biletmenyen), lagar ein logo frå ein fritt vald tekst, for eksempel:

Script-Fu-skriptet «kritt».

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret «kritt»

  1. legg gaussisk sløring til laget, spreier pikslane og lager vassrette og loddrette krusingar,

  2. ekstraherer kantane ved hjelp av filteret sobelrelieff og

    [Notat] Notat

    Det hender at sobelrelieff-filteret roter til biletkantane.

  3. aukar lysnivået.

Diverre kan du ikkje endra innstillingane for dette filteret. Du må i tilfelle køyre dei ulike filtra eitt for eitt i same rekkefølgja som nemnd ovanfor og stille inn dei ulike filtra etter ønskje. Til slutt legg du til ein bakgrunn med høveleg farge.

16.9.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoKritt

16.9.3. Innstillingar

Figur 16.359. Innstillingane for filteret «kritt»

Innstillingane for filteret «kritt»

Bakgrunnsfarge

Sidan kritt som oftast blir brukt på ei tavle, er bakgrunnsfargen i utgangspunktet sett til svart, men dette kan du endre på ved å trykke fargeknappen og velje kva farge du vil.