16.10. Gnaging

16.10.1. Oversyn

Figur 16.360. Eksempel på bruk av filteret «gnaging»

Eksempel på bruk av filteret «gnaging»

Filteret brukt


Dette filteret lager ein oppgnagd treskjeringseffekt i alfakanalen til det aktive laget. Det kan også legge til ein slagskygge om ønskjeleg. Innhaldet i det aktive laget blir ignorert, det er bare forma på alfakanalen som blir brukt.

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret, som er utvikla frå skriptet «Gnaging» (FilHent innLogoarGnaging i biletmenyen), lager ein teksteffekt som dette:

For å få til effekten oppretter filteret eit utval frå alfakanalen i eit nytt lag, fyller dette med kvitt, spreier pikslane og legg gaussisk sløring til laget. Til slutt blir dette laget brukt som avbildingskart for å lage ei 3D-effekt.

16.10.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoGnaging.

16.10.3. Innstillingar

Figur 16.361. Innstillingane for filteret «gnaging»

Innstillingane for filteret «gnaging»

Sponmengde

Her bestemmer du kor store «gnaga» skal vere. Talet her har ingenting med storleiken på pikslane å gjere, men blir brukt av filteret sprei som ei maksimumsgrense for den tilfeldige spreiinga. Gyldig område er frå 0 til 200.

Figur 16.362. Eksempel på bruk av filteret med ulike sponmengder

Eksempel på bruk av filteret med ulike sponmengder

0

Eksempel på bruk av filteret med ulike sponmengder

30

Eksempel på bruk av filteret med ulike sponmengder

60

Eksempel på bruk av filteret med ulike sponmengder

90


Sløringsgrad

Talet blir brukt i filteret gaussisk sløring som sløringsradius og vil sløre mønsterkartet meir eller mindre.

Inverter

Dersom dette valet er aktivisert, vil avbildingskartet bli invertert, slik at det nå lager holer i staden for humpar. Dette vil gjere at biletet meir vil sjå ut som det er uthola i staden for opphøgd.

Figur 16.363. Eksempel på bruk av inverteringa

Eksempel på bruk av inverteringa

Invertert (utan slagskygge)


Slagskygge

Med dette valet aktivisert vil det bli lagt til ein slagskygge i eit nytt lag under det gjeldande laget.

Behald humplaget

Normalt vil strukturkartet som blir brukt for å lage humpane bli fjerna etter bruk. Kryssar du av her, vil laget bli verande i biletet med visinga sett til ikkje synleg.

Fyll bakgrunnen med mønster

Gjer at bakgrunnslaget som filteret opprettar blir fylt med det spesifiserte mønsterelementet. Elles blir laget fylt med kvitt.

Behald bakgrunnen

Dette valet er normalt aktivisert, og gjer at det bakgrunnslaget som filteret opprettar ikkje forsvinn når filteret er ferdig med det. Du kan eventuelt fjerna dette laget seinare, eller slå av og på visinga av det, frå lagdialogen.

Mønsterelement

Dette valet inneheld først ei førehandsvising av gjeldande mønsterelement. Klikkar du på førehandsvisinga og held knappen nede, vil du sjå ei forstørra utgåve av mønsterelementet. Her finn du også knappen Bla gjennom som opnar for samlinga av mønsterelement som du kan velje frå.

Du kan bruke alle mønsterelementa i GIMP men kanskje ikkje alltid med like godt resultat. Utgjevaren av filteret har vald «Burlwood» som førehandsinnstilling og føreslår i tillegg mønsterelementa «Dried mud», «3D Green» og «Slate»:

Figur 16.364. Eksempel med ulike mønsterelement

Eksempel med ulike mønsterelement

Dried mud

Eksempel med ulike mønsterelement

3D grøn

Eksempel med ulike mønsterelement

Slate