6. Personleg startskjerm

Medan GIMP blir opna, kjem det fram eit startbilete som viser framgangen medan programmet lastar inn dei ulike komponentane.

Sjølvsagt kan du tilpassa startbiletet etter eigne ønskje: Opprett ei mappe med namnet splashes i den private GIMP-mappa di. /home/brukar_namn/.gimp-2.8 i Linux, C:\Documents and Settings\brukar_namn\.gimp-2.8\ i Windows). (Startbiletet blir kalla «splash-screen», difor mappenamnet).

Kopier biletet ditt, eller bileta dine, til mappa splashes. Når du startar opp GIMP, vil biletet bli henta frå denne mappa. Er det fleire bilete der, vil GIMP velje eit av dei tilfeldig.

[Tips] Tips

Forsikra deg om at bileta ikkje er for små. (Prøv t.d. med h = 450, b = 320).