Dette vindauget viser eit samla oversyn over dei gjeldande innstillingane i verktøykassa for kvar av inn-einingane du har kopla til maskinen. Dette kan vere datamusa, som i vindauget er kalla «Core pointer», eller anna utstyr du måtte ha tilgjengeleg. Verktøyinnstillingane er representerte med vanlege symbol for forgrunns- og bakgrunnsfarge, pensel, mønsterelement og fargeovergang. Utanom for fargane, vil eit klikk på symbola opna eit vindauge der du kan forandra innstillingane. Verktøykassa blir oppdatert for å vise forandringa. Du kan dra og sleppe einingar i denne dialogen.
Knappen
() nedst i dialogvindauget gjer det same som knappen i menyen .Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.
frå biletmenyen:
→ →eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje
→