2.3. Dialogar og samlevindauge («dokker»)

2.3.1. Organisering av dialogane

GIMP gir deg stor fridom til å setje opp dine eigne dialogvindauge. I staden for å leggje kvar dialog i eit eige vindauge, kan du gruppera dei ved å lime dei inn i eit samlevindauge. Eit «samlevindauge» (også kalla «dokk») er eit vindauge som kan innehalde fleire ulike dialogar, som t.d. dialogen for verktøyalternativ, penseldialogen osv. Eit samlevindauge kan likevel ikkje innehalde lause dialogar slik som biletvindauge eller dialogen for brukarinnstillingar.

GIMP har tre førehandssette samlevindauge:

  • verktøyinnstillingane blir limte inn under verktøykassa i panelet til venstre,

  • lag, kanalar, banar og angreloggen blir limt inn i den øvre delen av panelet til høgre,

  • samlevindauget for penslar, mønsterelement og fargeovergangar i nedre del av panelet til høgre.

I desse samlevindauga er kvart vindauge lagt i eigen fane.

I multivindauge-modus er verktøykassa eit bruksvindauge og ikkje eit innlimingsvindauge (dokk). I enkeltvindauge-modus er verktøykassa ein del av det enkle vindauget.

Bruk VindaugeDialogvindauge for å få fram lista over dialogar som kan limast inn i andre dialogar. Du kan opne ein dialog ved å klikke på han i lista. Dersom dialogen er tilgjengeleg i eit samlevindauge, vil han bli vist der, elles vil handteringa vere avhengig av om maskinen er i multi- eller enkeltbilete-modus:

  • I multivindauge-modus vil eit nytt vindauge med dialogen kome opp på skjermen.

  • I enkeltvindauge-modus blir dialogen automatisk limt inn som ei fane i angreloggen for lag.

Du kan klikke og dra ei fane til den plassen du ønskjer:

  • anten i fanelinja i eit dialogvindauge eller integrert i dialoggruppa,

  • eller på ei innlimingslinje som blir synleg når musepeikaren går over vindaugekanten for å forankre dialogen til vindauget.

I multivindauge-modus kan du også klikke på dialogtittelen og dra han der du ønskjer.

Figur 3.7. Å integrere ein ny dialog i ei dialoggruppe

Å integrere ein ny dialog i ei dialoggruppe

Her, i multivindauge-modus, blei histogramdialogen dradd til fanelinja i angrevindauget for lag.


Enklare: kommandoen Legg til fane i fanemenyen: Del 2.3.2, “Fanemenyen”.

Figur 3.8. Å feste eit dialogvindauge til kanten av eit innlimingsvindauge

Å feste eit dialogvindauge til kanten av eit innlimingsvindauge

Histogramdialogen er dradd over til det venstre innlimingsområdet og sleppt der. Resultat: Dialogvindauget er nå forankra til den venstre kanten av det høgre panelet. Dialogen høyrer nå til det høgre panelet.

Du kan altså arrangere dialogar i ei multi-kolonne-vising. Dette kan vere nyttig dersom du arbeider med to skjermar, ein for biletet og ein annan for menyane.


[Tips] Tips

Trykk TAB-tasten for å slå visinga av samlevindauge av og på. Dette kan vere nyttig når samlevindauget ligg over heile eller deler av biletvindauget. Du kan raskt gøyme alle samlevindauga, utføre arbeidet ditt og deretter vise vindauga igjen. Trykk på TAB-tasten inne i eit samlevindauge for å navigere deg gjennom dette vindauget.

2.3.2. Fanemenyen

Figur 3.9. Knappen for fanemenyen er markert med kvitt

Knappen for fanemenyen er markert med kvitt

I kvar dialog har du tilgang til ein spesialmeny med fanerelaterte operasjonar ved å klikke på fanemenyknappen som er utheva på figuren ovanfor. Nøyaktig kva for kommandoar som dukkar opp, vil variera frå dialog til dialog, men han vil alltid innehalde operasjonar for å lage nye faner, eller for å lukke eller deaktivere dei.

Figur 3.10. Fanemenyen for lagdialogen

Fanemenyen for lagdialogen

Ein fanemeny gir deg tilgang til følgjande komandoar:

Innhaldsmeny

Øvst på kvar fanemeny finn du innhaldsmenyen. Denne menyen viser operasjonar relaterte til den spesifikke fanemenyen dette gjeld. For eksempel vil innhaldsmenyen Lagdialog innehalde eit sett av operasjonar for å arbeide med biletlag.

Legg til fane

Legg til fane vil opne ein undermeny som viser alle dei tilgjengelege dialogane som kan leggast inn som faner.

Figur 3.11. Undermenyen «Legg til fane»

Undermenyen «Legg til fane»

Lukk fane

Som namnet seier, denne vil lukke fanen. Dersom dette er den siste dialogen i samlevindauget, vil også dette bli lukka.

Løys fane

Denne kommandoen løyser fana frå samlevindauget og legg ho som einaste fane i eit nytt dialogvindauge. Du kan gjere det same ved å dra fana ut av tavla og sleppe ho på ein tilfeldig plass på skjermen.

Dette er ein måte å opprette eit ekstra vindauge i enkeltvindauge-modus!

Dersom fanen er låst, vil dette menyvalet vere gråa ut.

Lås fanen til samlevindauget

Gjer at dialogen ikkje kan flyttast eller løysast. Når det er kryssa av for denne, vil Løys fane vere uverksam og gråa ut.

Storleik på førehandsvisinga

Figur 3.12. Storleik på førehandsvisinga i ein fanemeny

Storleik på førehandsvisinga i ein fanemeny

Ein del av dialogane har ein fanemeny for å bestemme storleiken på førehandsvisinga. Normalverdien er Middels. For eksempel viser penselmenyen eit bilete av alle tilgjengelege penslar, og ein meny for å bestemme storleiken på førehandsvisinga.

Fanestil

Figur 3.13. Undermenyen for fanestil

Undermenyen for fanestil

Denne oppføringa kan dukke opp dersom det er fleire dialogar i same samlevindauget. Du kan her angi fire vilkår som bestemmer utsjånaden til fanemenyen han gjeld for. (Sjå biletet over). Ikkje alle vala er tilgjengelege for alle dialogane.

Ikon

Vis eit ikon som representerer dialogtypen.

Status nå

Dette valet er berre tilgjengeleg i dialogar der du kan velje eit eller anna, som til dømes pensel, mønsterelement eller fargeovergang. Det valde elementet blir vist øvst i fanen som Nåverande status.

Tekst

Vis dialogtypen som tekst.

Ikon og tekst

Bruk av både tekst og symbol vil føre til breiare faner.

Status og tekst

Vis det valde elementet og tekst med dialogtype.

Vis som liste/tabell

Desse vala blir vist i menyboksar der du har høve til å velje element frå eit sett, slik som penslar, mønster, bokstavtypar osv. Du kan her velje å vise elementa som ei liste med namn og andre opplysingar for kvart element, eller som ein tabell sett opp i eit rutemønster med ikon for kvart element, men utan namn. Kvar av måtane har sine fordeler. Listeforma gir deg mest informasjon, medan tabellforma kan vise fleire element samstundes. Dei fleste dialogane blir i normaloppsettet viste på listeform, men for eksempel dialogane for penslar og mønster vil normalt bli viste på tabellform.

Når ei tre-vising er sett som Vis som liste, kan du bruke taggar. Sjå Del 3.6, “Tagging”.

Du ka også bruke søkefeltet for lister:

Figur 3.14. Søkefeltet for lister

Søkefeltet for lister

Bruk tastekombinasjonen Ctrl + F for å opne søkefeltet. Det må vere eit markert element for at denne kommandoen skal vere aktiv.


Søkefeltet blir lukka automatisk etter 5 sekund dersom du ikkje gjer noko.

[Notat] Notat

Denne snarvegen er også tilgjengeleg i trevisinga for innstillingane «pensel», «skrifttype» eller «mønsterelement» i fleire verktøy.

Vis knapperad

Nokre dialogvindauge som t.d. mønsterelement, penslar, fargeovergangar og bilete, har ei knapperad nedst i vindauget. Du kan slå av eller på visinga med denne kommandoen.

Figur 3.15. Knapperada i penseldialogen

Knapperada i penseldialogen

Vis opne bilete

Dette valet er berre tilgjengeleg i multivindauge-modus. Dersom dette er avmerka, vil ein biletmeny bli vist øvst i innlimingsvindauget:

Figur 3.16. Eit samlevindauge med kvitmarkert biletmeny

Eit samlevindauge med kvitmarkert biletmeny


Valet er ikkje tilgjengeleg for dialogar feste til verktøykassa. Valet er berre interesant når du arbeider med fleire opne bilete samstundes.

Følj aktivt bilete

Dette valet er berre tilgjengeleg i multivindauge-modus. Også dette valet er interessant berre når du har fleire opne vindauge på skjermen. Informasjonen i samlevindauget då vil alltid gjelde for det valde biletet i nedtrekkslista over biletvala. Dersom Følj aktivt bilete er kopla frå, må du bruke nedtrekkslista for å få fram biletdata for det aktuelle biletet i dialogvindauget. Dersom Følj aktivt bilete er aktivert, kan du velje bilete ved å trykke på tittellinja for biletet.