3. Dialogar relaterte til biletinnhaldet

3.1. Dialog for for- og bakgrunnsfarge

Figur 15.23. Dialogen for for- og bakgrunnsfarge

Dialogen for for- og bakgrunnsfarge

Dette dialogvindauget blir brukt for å bestemma forgrunnsfarge (FG) og bakgrunnsfarge (BG) for biletet. Normalinnstillinga er at du bruker GIMP sitt fargesystem, men du kan ved hjelp av knappane øvst i dialogvindauget også velje andre måtar for å bestemme fargen, nemleg CMYK, Triangel, Akvarell, Palett eller Skala. I tillegg har du ein fargeplukkar som kan brukast for å hente farge frå heile skjermen og ei rute som viser fargen i hex-notasjon.

Dialogvindauget som blir opna frå FG/BG-området i verktøykassa er litt annleis enn det som blir opna frå biletmenyen:

  • glidebrytarane er synlege heile tida i staden for å velje frå skaleringsmenyen

  • 12 knappar som viser dei sist brukte fargane. Du kan velje farge ved å trykke på ein av desse knappane, eller legge gjeldande for- eller bakgrunnsfarge til lista.

Denne dialogen arbeider anten på forgrunns- eller bakgrunnsfargen.

3.1.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeFargar,

  • frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneFargar

  • eller frå verktøykassa ved å klikka på ruta for forgrunns- eller bakgrunnsfarge.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeFargar.

3.1.2. Å bruke dialogen

Fargeveljaren «GIMP»

I fargeveljaren «GIMP» (symbolisert med ein liten Wilber) bestemmer du fargen ved først å klikke i ønskt farge på fargestripa til høgre og deretter inne i den store ruta til høgre. Har du bruk for å bestemma andre parametrar for fargen, kan du klikke på ein av knappane heilt til høgre i vindauget. Vala du gjer på fargestripa og i fargeruta vil då endre parametra for den knappen du har vald. Du kan velje mellom K (kulør), M (metning), L (lysverdi) i fargesystemet HSV , og R (raud), G (grøn) og B (blå) i fargesystemet RGB .

Viser verdien av Cyanblå, Magentaraud, Gul, Svart og Alfa for pikselen i prosent.

Figur 15.24. Viser verdien av Cyanblå, Magentaraud, Gul, Svart og Alfa for pikselen i prosent.

Viser verdien av Cyanblå, Magentaraud, Gul, Svart og Alfa for pikselen i prosent.

Dette er eit fargesystem som blir brukt ved utskrifter. Difor finn du det under knappen merka med ein skrivar. Du kan stille inn verdiane for C, M, Y og K med skyvebrytarar. Sjå meir om dette fargesystemet i ordlista under fargemodellen CMYK.

Triangel

Figur 15.25. Triangelveljaren

Triangelveljaren

Denne fargeveljaren bruker HSV -fargesirkelen. Du vel kulør ved å flytte ein liten fargering rundt på ein fargesirkel. Klikk deretter på triangelet og dra det rundt for å velje metning (loddrettt) og lysverdi (vassrett).

Akvarell

Figur 15.26. Fargeveljaren «Akvarell»

Fargeveljaren «Akvarell»

Symbolet for denne er ein liten pensel. Denne fargeveljaren operer litt anleis enn dei andre veljarane. Her gir du den eksisterande forgrunnsfargen eller bakgrunnsfargen ei ny fargetone ved å klikke på fargekartet. For eksempel, dersom forgrunnen er sett til kvit, kan du gi denne ei raudtone ved å klikke i det raude området av fargekartet. Gjentatt klikking på same fargen vil forsterka effekten. Glidebrytaren heilt til høgre i vindauget bestemmer kor mykje fargen skal forandrast ved kvart klikk. Dess høgare brytaren er sett, dess større blir forandringane ved kvart klikk.

Palett

Figur 15.27. Fargeveljaren «Palett»

Fargeveljaren «Palett»

Klikkar du på denne knappen, kjem det opp ei liste som viser palettdialogen for den aktive paletten. Du vel for- eller bakgrunnsfargen ved å klikka på aktuelt palettvising, eller du kan flytte deg rundt på paletten ved hjelp av piltastane og velje farge med Enter-tasten.

Skalaer

Figur 15.28. Fargeveljaren «Skalaer»

Fargeveljaren «Skalaer»

Denne dialogen inneheld seks glidebrytarar som du kan bruke for å bestemme verdiane for fargekanalane R, G og B i RGB -systemet, og dessutan verdiane for H, S og V i HSV -systemet.

Fargeplukkaren

Fargeplukkaren opererer ikkje ulikt den vanlege fargeplukkaren, men i staden for å hente farge bare frå det aktive biletet, kan denne hente farge frå heile skjermen.

HTML-notasjon

Sjå HTML-notasjon. Du kan også bruke CSS-fargenamna. Skriv den første bokstaven i eit fargenamn for å få fram fargelista med koder:

Figur 15.29. Eksempel på CSS fargenamn

Eksempel på CSS fargenamn

Ved å høgreklikka i HTML-tekstboksen, vil du få opp ein lokalmeny der du kan redigere innskrivinga. Hovudsakleg blir denne nytta til å lime inn komplekse innskrivingar du har kopiert frå ein annan stad. Menyen fører også til ulike Innskrivingsmåtar som kan brukast for å skrive inn bokstavar som ikkje finst på tastaturet, og for Sett inn Unicode kontrollteikn. Nærare beskriving er utanom denne handboka, men du kan finne meir om det på nettet under Unicode.

Figur 15.30. Lokalmenyen for HTML-notasjon

Lokalmenyen for HTML-notasjon

Rett opp finn du eit symbol sett saman av to piler. Klikk på dette for å bytte om for- og bakgrunnsfargane. I nedre, venstre hjørne i vindauget finn du to små firkantar, ein svart og ein kvit. Klikk på desse for å setje forgrunnsfargen til svart og bakgrunnsfargen til kvit.